Hopp til innhald

PPUY308 Praksis 2

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Studenten skal i dette praksisemnet vidareutvikle ein  yrkesdidaktisk-, sosial-, endrings-, utviklings- og yrkesetisk kompetanse. I tillegg er det viktig at studentane utviklar ein sjølvstendig identitet i lærerrolla og kompetanse for yrkesfagleg læringsleiing.

Hovudtema i det første praksisemnet vert vidareført, men i tillegg vil den praktiske sida ved det å jobbe i skulen som organisasjon være viktig. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og yrkesdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.

Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert og ha eit omfang på 20 dagar i vidaregåande skule, samt 10 dagar i ungdomsskulen.

Læringsutbytte

Alle læringsutbyta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særleg vekt på desse:

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan samarbeide med elevar og aktuelle samarbeidspartnarar
  • kan utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø 
  • kan rettleie elevane i å ta vidare utdanningsval frå ungdomstrinnet til fag- og yrkesopplæring
  • kan bidra til at faga vert praksisretta gjennom elevane sine interesser og yrkesretta i samarbeid med andre faglærarar i skulen
  • kan møte elevar ut frå deira individuelle og kulturelle føresetnader og utvikle medansvar i ein demokratisk læringsorganisasjon
  • kan bruke opplæringslova sin formålsparagraf i det daglege lærararbeidet
  • kan framstå som rollemodell i skolen, samarbeidsbedrifter, lokalsamfunnet og på andre samfunnsarenaer.
  • kan argumentera for sitt eige pedagogiske grunnsyn i samtale med praksislærar og profesjonsrettleiar. 

Krav til forkunnskapar

PPUY305

PPUY307

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og ha eit sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisinga. Ho/han skal og delta i møte- og samarbeidstid samt i det faglege utviklingsarbeidet ved skulen.

Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden                               

Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finne i studieheftet frå studiestaden.

I samråd med praksisrettleiar og student(ar) avtalar ein praksisgjennomføringa innan oppsette veker.

Praksisplassar i ungdomsskolen for PPUY306 vert fastsett tidleg i haustsemesteret (sept/okt).

Ved ønskje om praksis i andre tidsperiodar enn oppsett, sender ein søknad til emneansvarleg/studiekoordinator.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Praksis, 30 dagar.

  • Del 1: 10 dagar praksis i ungdomsskule
  • Del 2: 20 dagar praksis i vidaregåande skule

Karakterskala: Bestått/ikkje bestått.