YV205 Kommunikasjon og norsk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Kommunikasjonsteori og munnleg framstilling Kommunikasjonsprosessar, mål- og mottakaranalyse, samarbeid og gruppefunksjonar, presentasjonsteknikk og retorikk

Skriftleg framstilling Språklege verkemiddel, argumentasjon og retorikk, syntaks, pragmatikk, andre grammatiske emne, akademisk skriving og referansar, skriveprosessen, kjeldekritikk

Sjangerlære Rapport, formelle brev og CV, møteinnkalling, instruksjon, referat, debattinnlegg, artikkel 

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten skal ha

  • kunnskap om kommunikasjonsprosessar og korleis språket kan brukast som verktøy i forhold til situasjon, mål og mottakar
  • kunnskap om betydinga kulturelle element har i kommunikasjonsprosessar
  • kjenner til ulike sjangrar i sakprosa og skjønnlitteratur og viktige forhold i språkutviklinga

Ferdigheter

Kandidaten kan

  • definere kommunikasjonsmål og velje egna nivå og form på det som skal formidlast i forhold til mottakar og situasjon
  • strukturere eigne tekstar og bruke relevante verkemiddel for form og tekstsamanbinding
  • uttrykke seg skriftleg formelt korrekt, på norsk og engelsk, i ulike funksjonelle tekstar som kan vere aktuelle for ein ingeniør
  • planlegge, strukturere og gjennomføre ulike former for munnlege presentasjonar på norsk og engelsk
  • analysere bruken av ulike verkemiddel i skjønnlitteratur og sakprosa, saksframstilling og argumentasjon

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • utforme klare, målretta og brukarvennlege rapportar, øvings- og prosjektdokument
  • kommunisere effektivt i grupper
  • planlegge og gjennomføre møter og diskusjonar
  • innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke desse kritisk i eigne arbeid
  • setje opp ei kjeldeliste korrekt
  • uttrykke seg skriftlig og munnleg gjennom ulike medium på norsk og engelsk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar

Øvingsoppgåver i grupper og individuelt

Munnlege presentasjonar

Prosjektarbeid

Arbeid med mappe

Obligatorisk læringsaktivitet

1 munnleg presentasjon på engelsk.

Vurderingsform

Mappe som består av 8 innleveringar. Dei 8 innleveringane skal til saman dekkje læreplanmåla beskrivne under kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i emneplanen. Minst éin innlevering skal vere ein munnleg presentasjon med videoopptak. Éin av dei skriftlege innleveringane skal vere på engelsk.

Det blir gitt framovermelding undervegs på studentsvara for kvart mappeelement. Studentane får moglegheit til å forbetre innleveringane i ein gitt periode før karakteren på mappa blir sett.

Ved stryk i mappa kan eksisterande tekstar forbetrast og leverast på nytt påfølgande semester.

Vurdering: Gradert bokstavkarakter A-F.