BØ6-2007 Vidaregåande finansrekneskap

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kurset bygger vidare på kursa BØ6-1010 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap og BØ6-1011 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande. Kurset sitt innhald er todelt og dekker emna vidaregåande finansrekneskap og rekneskapsteori. Vidaregåande finansrekneskap gir studentane ei fordjuping i dei mest sentrale utfordringane med innrekning, måling og presentasjon ved avslutning av årsrekneskapen i samsvar med god rekneskapsskikk. Hovudfokus i denne delen vil vere å vidareutvikle innsikt i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk med vekt på NRS standardane. Delen inkluderar fordjuping i enkelte emne som til dømes skatt, anleggskontraktar, driftsmidlar, eigenkapitaltransaksjonar og innføring i konsernrekneskap. Rekneskapsteori gir grunnlag for å reflektere over sentrale delar av det teoretiske fundamentet for finansrekneskapen etter god rekneskapsskikk (GRS) og internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS).

Innhald:

  • Fordjuping i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk, herunder skatt, anleggskontraktar og driftsmidlar
  • Eigenkapitaltransaksjonar
  • Konsernrekneskap
  • Hovudelement, ulikskapar og utvikling innan norske (GRS) og internasjonale (IFRS) rekneskapsreglar

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten skal ved fullføring

  • ha inngåande kunnskap om innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane og grunnleggande rekneskapsprinsipp
  • kjenne til regelverket for notar og årsmelding
  • ha god kunnskap om regelverket for eigenkapital og eigenkapitaltransaksjonar
  • kjenne til formålet med og hovudprinsippa ved utarbeiding av eit konsernrekneskap
  • ha forståing for og kan reflektere over resultat- og balanseorientering
  • ha kunnskap om det konseptuelle rammeverket til IFRS (International Financial Reporting Standards)
  • ha forståing for og kan reflektere over norsk og internasjonal rekneskapsutvikling 

Ferdigheiter

Studenten skal ved fullføring

  • kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem innan rekneskap
  • kunne sette opp meir komplekse skatteberekningar
  • kunne rekne ut og bokføre ulike eigenkapitaltransaksjonar
  • kunne utarbeide eit enkelt konsernrekneskap med og utan minoritetsinteresser
  • kunne rekne ut og forklare ulik rekneskapsmessig behandling mellom GRS og IFRS på gitte emne

Generell kompetanse

Studenten skal ved fullføring

  • kunne tilleigne seg rekneskapsteoretisk kunnskap gjennom lesing av fagartiklar
  • kunne formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar
  • kunne nytte kunnskapen på praktiske rekneskapsproblemstillingar
  • vere kjent med bakgrunnen for utviklingsarbeidet internasjonalt og kva konsekvensar det vil kunne ha for rekneskapsreguleringa i Noreg

Krav til forkunnskapar

Sjå "Anbefalte forkunnskaper"

Tilrådde forkunnskapar

Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap (BØ6-1010) og Finansrekneskap med analyse (BØ6-1011) eller tilsvarande 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Arbeidskrav

To skriftlege arbeidskav som skal løysast individuelt eller i gruppe. Eit ikkje-godkjent arbeidskrav gir rett til eit nytt forsøk.

Arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar

Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel:

  • programmerbar kalkulator
  • lovsamling eller utskrift frå lovdata

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-2000 (1) - Finansregnskap 2 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • BØ6-2003 (1) - Årsregnskap i praksis - Reduksjon: 2,5 studiepoeng