Hopp til innhald

BARNP514 Samhandling og kommunikasjon i utøvande barnesjukepleie

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet legg vekt praktisk bruk av barnesjukepleiefagleg kunnskap ved systematisk observasjon, vurdering og monitorering av langvarig, akutt og/eller kritisk sjuke barn og unge i alle aldrar, planlegging og oppfølging av pasientforløp. Samhandling og kommunikasjon med omsorgspersonar og det sjuke barnet ved undersøkingar og behandling blir vektlagt spesielt. Pasientsikkerheit er sentralt i dette emnet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har avansert kunnskap om barnesjukepleie som fag og barnesjukepleiaren sin funksjon og ansvar i helsevesenet og samfunn
  • har avansert kunnskap om barn sine fysiske, psykiske og sosiale utvikling
  • har innsikt i barn sine grunnleggande behov og korleis komplikasjonar og utviklingsskadar kan førebyggast
  • har kunnskap om medisinsk og kirurgisk behandling, samt barnesjukepleie ved akutt og/eller kritisk sjukdom eller skade
  • har kunnskap om dei vanlegaste komplikasjonane ved akutt og/eller kritisk sjukdom og behandling
  • har kunnskap om verknad /biverknad og administrering av medikament

Ferdigheiter:

Studenten …

  • kan arbeide sjølvstendig innan avgrensa områder av praksisen
  • kan identifisere ulike former for stress og meistringsmekanismar og ut frå dette kan ivareta den akutt og/eller kritisk sjuke pasienten og pårørande sine behov
  • kan anvende ulike dokumentasjonsformar forsvarleg, kurveføring og rapportere den utførte sjukepleie i samarbeid med rettleiar
  • kan under rettleiing anvende avansert medisinsk teknisk utstyr og har innsikt i risikomoment knytt til bruk av slikt utstyr
  • kan ta ansvar for sikker medikamentadministrering
  • kan overhalde hygieniske prinsipp, førebygge infeksjonar og bidra til pasienten sin sikkerheit
  • kan kommunisere og samarbeide i det tverrfaglege teamet rundt pasienten

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan utøve barnesjukepleie med respekt for pasienten- og pårørande sin integritet, ressursar og opplevingar
  • kan kommunisere og samhandle med barnet, pårørande og teamet rundt pasienten
  • kan delta i samhandling med pasientar og pårørande i ulike aldersgrupper, livssituasjonar og frå ulike kulturar ved akutt og/eller kritisk sjukdom
  • kan reflektere over etiske dilemma i møte med pasientgruppa saman med rettleiar
  • kan bidra til pasientsikkerheit i utøvinga av barnesjukpleie
  • kan analysere etiske -, juridiske- og administrative forhold i utøving av barnesjukepleie
  • kan søke opp forskingsbasert kunnskap i utøvinga av sjukepleie

Krav til forkunnskapar

Bestått emna:

  • BARN512 - Samhandling, fagleiing, kunnskapsbasert praksis og helsepedagogikk i barnesjukepleia
  • BARNP513 - Pasientsikkerheit, teknologi og digital kompetanse i utøvande barnesjukepleie

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på samhandling og kommunikasjon. Dagleg rettleiing frå i hovudregel ein barnesjukepleiar som bør ha rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Ei oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurderingssamtale, ei sluttvurderingssamtale.
  • Deltaking i klinikksamlingar.

Vurderingsform

Praksis

Vurderingsuttrykk

Bestått/ikkje bestått. Kriterier for skikkavurdering må være innfridd (https://www.hvl.no/student/skikkavurdering/). Det er krav om 90% tilstedeværelse.

Ny eksamen

Ved ikkje bestått praksis må heile praksisperioden gjennomførast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel