BRL105 Friluftsliv og naturguiding vinter I

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Gjennom teori og ekskursjonar skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og erfaring knytt til trygg ferdsel og opphald i naturen vinterstid, ofte med ski på beina. I denne første delen av emnet held vi oss hovudsakeleg under tregrensa, medan vi beveger oss opp i fjellet i del II.

Under ekskursjonane arbeider vi med å skape trivsel i gruppa gjennom gode leir- og ferdselsrutinar, bruk av vinterbål og vekt på aktivitetar som styrker samhaldet i gruppa. Under temaet førstehjelp blir det arbeida med ulike skader/sjukdommar/generell nedkjøling som kan oppstå i friluftslivssamanheng. Kartforståing, bruk av kompass og enkel bruk av GPS som verktøy med forståing av kartkoordinatar er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har:

  • kunnskap om tradisjonelt (nordisk) vinterfriluftsliv
  • kunnskap om leirliv, mat, ferdselsmønster og rutinar i naturen vinterstid
  • kunnskap om spesielle risikomoment om vinteren, til dømes kulde og faren for snøskred.

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • planlegge og gjennomføre trygge turar vinterstid med fokus på læring og trivsel.
  • orientering i vinterfjellet både ved hjelp av kart, kompass og GPS.
  • gjenkjenne skredterreng, og planlegge trygge skiturer.
  • bruke relevant utstyr, etablere gode leirplasser, rutiner for god ferdsel.
  • overnatte i telt og i snøen både som del av ferdsel over fleire dager og som nødbivuakk.

 

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne vurdere sikkerhet i naturen vinterstid
  • reflektere kritisk rundt korleis ein kan skape gode naturopplevingar for grupper vinterstid
  • ha kjennskap til bruk av fagblogg som digitalt læringsverktøy.

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Tilrådde forkunnskapar

Vere forberedt på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Noko teori vil bli formidla som førelesningar, men undervisnings og læringsformene i dette emnet vil i stor grad gå føre seg utandørs og knytast til praktisk erfaring. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.

Arbeidskrav

  • Gjennomføre og bestå ekskursjonane
  • Studentane skal levere fagblogg etter kvar tur

Vurderingsform

Individuell, munnleg eksamen, gradert karakter (A - F). Eksamen er delt i emna vinterfriluftsliv, førstehjelp og orientering, der alle emner må vere bestått.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel