BRL106 Friluftsliv og naturguiding vinter II

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Gjennom teori og ekskursjonar skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og erfaring knytt til trygg ferdsel og opphald i naturen vinterstid, ofte med ski på beina. Dette emnet byggjar på Friluftsliv og naturguiging I, og i denne delen held vi oss hovudsakeleg i høgfjellet.

Under ekskursjonane arbeider vi med å skape trivsel i gruppa gjennom gode leir- og ferdselsrutinar. Planlegging og pakking av mat vil være en del av turplanlegginga. Kartforståing, bruk av kompass og enkel bruk av GPS som verktøy med forståing av kartkoordinatar er også sentralt i emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal ha:

  • kunnskap om formidling av vinterfriluftsliv
  • kunnskap om tradisjonelt (nordisk) vinterfriluftsliv i høgfjellet.
  • kunnskap om leirliv, mat, ferdselsmønster og rutinar i høgfjellet vinterstid.
  • kunnskap om spesielle risikomoment om vinteren i høgfjellet, til dømes kulde og faren for snøskred.

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • formidle ferdigheter og verdier knyttet til vinterfriluftsliv.
  • planlegge og gjennomføre tur etter evne vinterstid i høgfjellet med fokus på læring og trivsel.
  • orientere seg i vinterfjellet både ved hjelp av kart, kompass og GPS.
  • gjenkjenne skredterreng, og planlegge trygge skiturer.
  • bruke relevant utstyr, etablere gode leirplasser, rutiner for god ferdsel.
  • overnatte i telt og i snøen som del av ferdsel over fleire dager

 

Generell kompetanse

Studenten skal: 

  • kunne vurdere sikkerhet i høgfjellet vinterstid.
  • kunne reflektere kritisk rundt korleis ein kan skape gode naturopplevingar for grupper vinterstid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Vere forberedt på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Noko teori vil bli formidla som førelesningar, men undervisnings og læringsformene i dette emnet vil i stor grad gå føre seg utandørs og knytast til praktisk erfaring.

Blogg blir brukt i samband med ekskursjonar.

I løpet av våren skal studentane gjennomføre ein eigenferd.

Arbeidskrav

  • Obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
  • Gjennomføre og bestå oppgåve knytt til praktisk formidling for ei gruppe vinterstid
  • Godkjenning av turplaner og gjennomføring av eigenferd
  • Studentane skal levere fagblogg etter kvar tur

Vurderingsform

Individuell, praktisk metodisk eksamen, gradert karakter (A - F).

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel