Hopp til innhald

BØ6-2150 Pengesystem, pengepolitikk og finansinvesteringar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kurset inneheld desse emna:

  • Innføring i ulike pengesystem (t.d. monetære valutaer, kryptovalutaer, digitale sentralbankpengar)
  • Dei makroøkonomiske og pengepolitiske konsekvensane av ulike pengesystem
  • Dei ulike valutaene som investeringsobjekt
  • Andre finansielle instrument (t.d. aksjar, obligasjonar, opsjonar og andre derivat)

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • Kva er eit pengesystem og kva skil dei ulike pengesystema frå kvarandre?
  • Dei makroøkonomiske og pengepolitiske konsekvensane av ulike pengesystem
  • Studentane skal kjenna til andre finansielle instrument (t.d. aksjar, obligasjonar, opsjonar og andre derivat) og korleis ein finn forventa avkastning på desse instrumenta

Dugleikar:

  • Studentane skal kunne skildra ulike historiske og noverande pengesystem, og korleis teknologiske endringar og ulike samfunnstilhøve har påverka utforminga av pengesystema.
  • Studentane skal kunne reflektera over sterke og svake sider ved ulike pengesystem.
  • Studentane skal kunne identifisera faktorar som påverkar prisinga av ulike pengeeiningar (valutaer, kryptovalutaer)
  • Studentane skal kjenna til det juridiske for det internasjonale banksystemet - m.a Baselstandardane ogSWIFT-nettverket
  • Studentane skal kunne reflektera over dei makroøkonomiske konsekvensane av å innføra høvesvis euro og digitale sentralbankpengar i Noreg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA118 Makroøkonomi eller tilsvarande

BØA204 Finansiering og investering

BØA111 Matematikk for økonomar

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar

Oppgåveløysing

Obligatorisk læringsaktivitet

Svara på 2 obligatoriske arbeidskrav for å kunne ta eksamen i emnet

Vurderingsform

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel