HMA803 Meg som leiar
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Formålet med dette emnet er at du skal bli tryggare på di rolle som leiar, enten om du er i ei formell leiarrolle, ei meir uformell leiarrolle eller om du skal inn i ei slik rolle seinare. Vi skal sjå på kva roller og oppgåver ein leiar har i tverrkulturelle og tverrprofesjonelle samarbeid. Vi skal og sjå på ulike leiingsstrategiar og korleis ulike strategiar kan bli nytta inn mot beslutningsprosessar.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:Studenten…
- har inngåande kunnskap om leiingsstrategiar
- har inngåande kunnskap om tverrkulturelle og tverrprofesjonelle samarbeid
Ferdigheiter:Studenten…
- kan motivere og engasjere brukarar og fagfolk til å delta i beslutningsprosessar og samarbeid
- kan analysere eigen leiingsstil
Generell kompetanse: Studenten…
- kan tilretteleggje for tverrkulturelle og tverrprofesjonelle samarbeidslag
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal studentane jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking på felles samling (halv dag)
Vurderingsform
Mappevurdering i gruppeMappe beståande av to arbeid som vert vurdert samla. Det blir gitt rettleiing til arbeidet.
- Refleksjonsnotat (400 ord +/- 10%)
- Video eller lydfil (maks 7 minutt) frå gruppearbeidet.
Vurderingsuttrykk Bestått / ikkje bestått
Ny eksamen Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere ei bearbeida mappe.
Alle deltakarane i gruppa bidrar til eit felles produkt. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er er tillatt.
Meir om hjelpemiddel