ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Undervisninga har fokus på korleis fysisk aktivitet kan bli brukt som førebygging og opptrening knytt til bl.a. reumatologi, nevrologi-, muskel og skjelettplager, idrettsskadar og i svangerskap/barsel. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring og eigeninnsats fram mot praktisk eksamen i emnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast ulike diagnosar
  • har kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening kan brukast som førebygging og opptrening etter skade og sjukdom

Ferdigheiter

Studenten

  • syner ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå og for personar med ulik helsetilstand
  • kan gjennomføre praktisk arbeid i offentlege og private verksemder
  • kan utøve førstehjelp med hjertelungeredning 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utveksle og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse
  • kan legge til rette for fysisk aktivitet for personar med behov for tilpassa fysisk aktivitet
  • kan samhandle og kommunisere med kundar, pasientar, brukarar, kollegar og andre aktørar innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Fullført 2. år bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse eller tilsvarande utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar, praktisk aktivitet og praksis for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Emnet har to veker yrkespraksis på valfri arbeidsplass innan anten førebygging, helsefremming eller behandling. Praksisen kan vere samanhengande eller organisert som punktpraksis med same omfang. I praksis er planlegging og gjennomføring av ulike arbeidsoppgåver med fysisk aktivitet som helsefremmande, førebyggande og/eller behandlande tiltak i fokus. Studenten kan påverke kva retning han ønskjer å få meir praktisk erfaring i ved sjølv å finne seg praksisplass. Praksisen vert gjennomført under rettleiing av personar som er godkjende av høgskulen.

Arbeidskrav

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppearbeid og -framlegging, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar, praktiske timar og praksis. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om at studentane kan planlegge, organisere og rettleie personar med ulik helsetilstand i trening og at dei kan formidle og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse.

  • Godkjent praksis, praksisrapport og presentasjon på praksisseminar

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen.  

Gradert karakter (A-F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ID3-305 (1) - Førebyggjande og helsefremjande fysisk aktivitet II - Reduksjon: 15 studiepoeng