Hopp til innhald

KAS510 Avansert klinisk allmennsjukepleie til pasientar med samansette og langvarige helseproblem

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studenten vidareutvikle kompetansen i å sjølvstendig utøve avansert klinisk allmennsjukepleie ved å førebyggje, behandle, lindre og rehabilitere langvarige og samansette helseproblem. Studenten skal kombinere teoretiske og kliniske kunnskapar for å kunne behandla pasientar og samstundes ta omsyn til pasienten sin rett til medbestemming. Vidare skal studenten tileigne seg kunnskap om heilskaplege pasientforløp, helsekompetanse, pasientopplæring og rettleiing.

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten...

  • har inngåande kunnskap om dei mest vanlege langvarige og samansette helseproblema hjå pasientar i kommunehelsetenesta i eit norsk og internasjonalt perspektiv
  • har inngåande kunnskap om legemiddelbehandling, legemiddelhandtering og systematisk gjennomgang av legemiddel
  • har inngåande kunnskapar om heilskaplege pasientforløp for pasientar med langvarige og samansette helseproblem
  • har inngåande kunnskap om systematiske kliniske undersøkingsmetodar og standardiserte norske og internasjonale vurderingsverktøy som er relevante for pasientar med langvarige og samansette helseproblem
  • har kunnskap om situasjonar og vanlege reaksjonar og behov som kan oppstå hjå pasientar og pårørande, i lys av alder, kjønn og sosial og kulturell bakgrunn
  • har kunnskap om helsepedagogikk, korleis ein kartlegg og førebyggjer helseproblem og aktiviserer helseressursar hjå brukarar, pasientar og pårørande

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan gjennomføre systematiske og sjukepleiefaglege undersøkingar og vurdere helsetilstanden til pasientar, mellom anna ved bruk av kartleggingsverktøy
  • kan påvise, vurdere og analysere endringar i pasienten sin helsetilstand og gjere kvalifiserte vurderingar og faglege resonnement og i samarbeid med andre setje i verk sjukepleiefaglege tiltak for å utøve heilskapleg sjukepleie
  • kan analysere levevanar, ressursar, meistringsevne og sosial situasjon i lys av blant anna den språklege og kulturelle bakgrunnen til pasienten og setje i verk tiltak som fremjar helse og førebyggjer eller avgrensar helsesvikt

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan gjennomføre sjukepleietiltak, samarbeide med andre og følgje opp behandling
  • kan sikre medbestemming og autonomi for brukarar og pårørande i alle ledd
  • kan undervise, rettleie og støtte pasientar, brukarar og pårørande slik at dei kan ta avgjerder som fremjar helse og meistring
  • kan rettleie pasientar og pårørande i korleis diagnose og behandling kan påverke seksualitet, fysisk og psykisk

Krav til forkunnskapar

KAS500

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene for emnet er digitale forelesingar på tvers av campus, simulering, sjølvstudium og seminar med innlegg, diskusjon og tilbakemelding frå medstudentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

Fire innleveringer i emnet:

1. Individuell oppgåve (inntil 1000 ord)

2. Individuell oppgåve (1500 ord +/- 10%)

3. Gruppeoppgåve - munnleg presentasjon og medstudentrespons

4. Gruppepoppgåve - lage film, inkludert skriftleg refleksjon (inntil 1000 ord)

5. Obligatorisk deltaking (minst 80 %) på samlingar, gruppearbeid, simuleringsøvingar og ferdigheitstrening

Godkjende læringsaktvitetar er gyldig i 4 påfølgjande semester.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 3 dagar, med eit omfang på 3500 ord +/-10%.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen:

Ny eksamen gjennomførast på same måte som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel