Hopp til innhald

LUPEM203 Musikalsk leiing 1

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.

Musikklærarar og -formidlarar blir stadig utfordra til å leie ulike ensemble i musisering innan skule- og kultursektor. Faglæraren i musikk må kunne arbeide med musikk som oppleving- og uttrykksmiddel i kunstnarisk og pedagogisk samanheng, også i grupper. For å oppfylle desse krava må læraren kunne innta ei god leiarrolle, ha metodiske, didaktiske og tekniske ferdigheiter i forhold til innstudering, ha kjennskap til og kunne arbeide med ulike stilartar og gjere musikalske val.

Emnet vil legge til rette for at studentane får ei grunnleggande innføring i musikalsk leiing og kan sette det kontekst i forhold til klasseromsleiing og lærarrolla. Instrumentale ferdigheiter, grunnleggande leiarkunnskapar og læringssyn er sentrale i forhold til elev- og mottakarforutsetningar, differensiering og nivåtilpassing i klasserommet eller på andre arenaar.

I emnet vil ein først og fremst legge til rette for at studentane får ei innføring i ensembleleiing, stemmebruk og instrumentaldidaktikk, men vil også arbeide med støttande fagdisiplinar som hovudinstrument og gehørtrening. Kunnskapar og ferdigheiter som studenten tilegner seg, vil også kunne vert overførte til undervisning i klasserommet og andre leiingssituasjonar

Sentrale tema i emnet er:

  • Ensembleleiing
  • Ensemblespel/kor
  • Hovudinstrument
  • Gehørtrening
  • Stemmebruk

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til ulike ensembletypar
  • har kjennskap til ulike stilartar gjennom eit variert repertoar
  • har kjennskap til meisterlære som metode
  • har kunnskap om instruksjonsmetodikk, og kjennskap til eit breitt didaktisk repertoar i ensembleleiing

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar grunnleggande ferdigheiter i ensembleleiing
  • kan bruke teoretiske og musikalske omgrep for effektiv og god kommunikasjon med eit ensemble
  • kan arbeide med hensiktsmessige metodar for oppvarming, innstudering og repertoarval
  • kan arbeide eksemplarisk med sitt hovudinstrument i ulike leiingssituasjonar
  • kan bruke teori og praktisk gehør for å legge til rette for gode læringssituasjonar
  • kan gå inn i og reflektere over ulike leiarroller

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle og uttrykke eigne musikalske oppfatningar gjennom instruksjon og leiing
  • kan innta ulike leiarroller i ensembleverksemd i skulen og det frivillige musikkliv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

LUPEM201 Ensemble, LUPEM202 Estetisk og tverrfagleg produksjon, LUPEM102 Musikerskap I og LUPEM104 Musikerskap II.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til praktisk undervisning der teori blir integrert gjennom undervisning og praktisk erfaring. Gruppearbeid og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår som ein viktig del av emnet. Den enkelte student har ansvar både for eiga og medstudentar si læring, og det er difor obligatorisk frammøte. Undervisning skjer på campus eller i digitale format dersom det er undervisning på tvers av campus.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må være godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike former for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20 %.
  • Individuell oppgåve: Leiing av eit ensemble der instruksjonsmetodikk og tilpassing av repertoar er sentralt
  • Individuell skriftleg oppgåve der studenten skal transkribere og skrive ned eit enkelt fleirstemt musikkstykke

Dersom en obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg melding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gong) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte frister, men seinast tre veker før eksamensperioden starter.

Nærare retningsliner for læringsaktiviteten blir gitt ved semesterstart.

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med vekt på leiing av fleirstemmige sangaktiviteter. Ca 30 min. per kandidat.

Karakterskala: Bestått/ Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel