LUPEM204 FoU-oppgåve: Den forskande lærar
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2025/2026.
Som ein del av lærarutdanning i praktisk og estetiske fag for trinn 1-13 - musikk, blir det forventa at ein skal kunne sjå musikk som eit vitskapleg fag og kunne delta i vidareutvikling av musikkfaget gjennom eit forskingsarbeid. Emnet skal forberede studentane på denne delen av yrkeslivet.
Målet for emnet er at studentane skal tileigne seg ein grunnleggande innsikt i estetikk, vitskapsteori, forskingsmetodikk og grunnlagstenking som er særleg relevant for musikkfaget, og sjå det i samanheng med musikkfaget sin eigenart. Dette skal gjere studentane i stand til å utarbeide si FoU-oppgåve.
Emnet inneheld ein innføring i kunstbasert forsking, vitskapsteori, vitskapleg metode, estetiske læreprosessar og FoU-arbeid.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om sentrale perspektiv innan vitskapsteori, forskingsmetodikk og etikk knytt til musikk som fag og som estetisk uttrykk
- har kunnskap om sentrale problemstillinger innan musikkpedagogikk og kunstnarisk utviklingsarbeid knytt til arbeid med FoU-oppgåva
- har kunnskap om estetiske og andre kunnskapsformar i estetiske læringsprosessar i musikk og tverrfaglege didaktiske og kunstnarlege utviklingsarbeid
Ferdigheiter
Studenten
- har ferdigheiter i akademisk skriving
- kan kritisk vurdere forsking og utviklingsarbeid innan musikkpedagogisk og kunstnarleg musikalsk verksemd
- kan ta i bruk kunnskap om vitskapsteori og forskingsmetode i eige FoU-prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- har kunnskap, ferdigheiter og innsikt i korleis ulike vitskaplege metodar kan nyttast for å analysere ulike utdanningsarenaers musikkpedagogiske praksis
- kan reflektere kritisk over eigne lærings- og formidlingsstrategiar i utarbeiding av praktisk og skriftlig del i FoU-oppgåva
Krav til forkunnskapar
- LUPEM102 Musikerskap 1
- LUPEM104 Musikerskap 2
- LUPEM202 Estetiske og tverrfaglige produksjoner.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til forelesningar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det er obligatorisk deltaking i seminar og arbeid i grupper.
- Gruppeoppgåve der studentane skal ha eit "miniforsk"-prosjekt som innleiing til arbeidet med FoU-oppgåva.
- Godkjent problemstilling og prosjektskisse av FoU-prosjekt
- Presentasjon av prosjektskisse
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Nærmare retningslinjer for læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart.
Vurderingsform
FoU-oppgåva er todelt.
Arbeidet skal vere forankra i forsking og i arbeidet må det gjerast greie for val av vitskapleg metode.
Del 1: Praktisk eksamen i didaktisk eller kunstnarleg utviklingsarbeid. Vekting: 40% av samla karakter.
Arbeidet kan gjerast individuelt eller i gruppe. Utviklingsarbeidet kan enten leverast som ein utøvande konsert, som demonstrasjon av undervisningsopplegg eller som lyd eller video. Presentasjon av utviklingsarbeidet i form av ei musikalsk eller munnleg framføring vert filma.
Del 2: Individuell skriftleg oppgåve. Vekting: 60% av samla karakter.
Den skriftlege delen skal gjere greie for prosess og produkt i del 1 i lys av relevant teori innan didaktisk vitskapleg og/eller kunstbasert forsking, samt forskingsmetode. Omfang: 3000 ord +/- 10%.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått tas opp att åleine.
Studentar som får karakteren F på FoU-oppgåve, kan levere forbedra versjon av samme oppgåve til sensur i løpet av påfølgande semester. Dersom studenten får karakteren F også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med nytt innhald på del 1 og 2.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel