LUPEM301 Sal og scene
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2025/2026.
I dette emnet vil studentane få erfaring med sceneproduksjon i ulike format. Dei skal gjennom ulike støttedisipliner arbeide prosessorientert med ulike sceneensembler, instrumenter, produksjonsplanar, regi/dramaturgi, lyd og lys, scenografi, formidling og musikkteknologiske verktøy. Kunnskapen skal kulminere i ein avsluttande scenisk produksjon. Samarbeid med grunnskule, kulturskule og institusjonar i kunst- og kulturlivet kan verta aktuelt.
Studentane vil få erfaring med scenisk oppsetning, frå idé til produkt.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om rammer og struktur rundt ein scenisk produksjon
- har kunnskap om evaluering av kunstneriske produksjonar
- har kunnskap om dei ulike kunstneriske elementa innan arbeid med scenekunst: musikk, teater, tekstskaping, rørsle/dans, regi, scenografi og koreografi
- har kunnskap om samarbeidsinstitusjonar som er relevante for arbeid med scenekunstproduksjonar
- har kunnskap om oppbygging og virkemåte av lys- og lydsystemer for sceneproduksjonar av ulike format
- har kunnskap om valgfaget produksjon for scene
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, produsere og evaluere sceneproduksjoner
- kan lage en tilpasset produksjonsplan med utgangspunkt i tilgjengelige ressurser og gjennomføringsevne.
- skal kunne vise god kunstnerisk formidlingsevne og dramaturgisk kompetanse
- skal fungere på eit godt musikalsk nivå
- kan reflektere over eigen rolle som lærar med fokus på kunstnerisk prosjektarbeid i grunnskule, folkehøgskule, kulturskule og videregående skule
- kan komponere og arrangere musikk for ulike ensembler, samt bruke digitale verktøy for dokumentasjon og implementering i sceniske produksjonar
- kan planlegge, kople opp og handtere lyd- og lysanlegg ut frå gitte behov og kontekstar
Generell kompetanse
Studenten
- har erfaring med å utvikle, gjennomføre og evaluere sceniske produksjoner for bestemte målgrupper
- har god kjennskap til tverrfaglig og skapende arbeid innen scenekunst
- kan analysere, vurdere og dokumentere elever sin læring, gi formativ vurdering og bidra til at elevar kan reflektere over eigen læring og utvikling
- kan vise grunnleggende respekt for andre, og åpne for tilrettelegging og nivåtilpassing som en sentral del av opplæringen.
- kan samarbeide i team gjennom hele produksjonen og bidra kreativt med egne ideer og påbygging av andres ideer (ko-kreasjon).
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- LUPEM102 Musikerskap 1
- LUPEM104 Musikerskap 2
- LUPEM202 Estetisk og tverrfagleg produksjon
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knyttet til praktisk undervisning der teori blir integrert gjennom undervisning og praktisk erfaring. Gruppearbeid og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår som en viktig del av emnet. Undervisning skjer på campus eller i digitale format dersom det er undervisning på tvers av campus. Det kan verta aktuelt med praktisk arbeid på og utanfor campus. Arbeid ut over timeplanfesta undervisning må medreknast.
Det er nødvendig med deltaking og aktivt samarbeid mellom studentane for å kunne oppnå ønska læringsutbytte for emnet.
Emnet er tilknytta erfaring med ulike former for konsertar og sceneproduksjonar. Kostnad til konsertbilletter inntil 500 kr må medreknast. Dette avtalast med emneansvarleg.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike former for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
- Individuell oppgåve: Skriftleg oppgåve med fokus på å reflektere over rolla som lærar i samband med sceniske produksjonar samt kunne bruke og differensiere eit estetisk undervisningsopplegg på fleire arenaer. (Grunnskule, folkehøgskule, kulturskule og videregående skule) Oppgåva kan ha sammenheng med undervisningsopplegg utvikla for praksis. Omfang 800-1200 ord.
- 1-2 mindre visningar i løpet av semesteret
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Praktisk eksamen i gruppe. Varighet: Inntil 90 minutt.
Sceneproduksjon som siktar mot ei definert målgruppe.
Individuell karakter: Bestått/Ikke bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel