Hopp til innhald

LUPEMP300 Praksis 3.år musikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis i dette emnet blir i hovudsak gjennomført i grunnopplæringa. Fagval og innretning kan få betydning for kva praksis studenten får.

Praksisen føregår i vidaregåande opplæring eller i grunnskulen på trinn 1-10 (fagval avgjer) hausten (5.semester) og våren (6.semester), totalt 20 arbeidsdagar.

For studentar som vel fordjuping i musikk, føregår praksis i ungdomsskule og/eller vidaregåande opplæring. Les meir info om praksis i retningslinjer for praksis i LUPE.

For studentar som vel emne i grunnskulelærarutdanninga, føregår praksis om hausten og våren i grunnskulen (1-10). Les meir info om praksis i retningslinjer for GLU.

I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) sin undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøta og lærar/personalmøte.

Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga
  • kan analysere korleis ulike nasjonale, regionale og lokale kvalitetssystem og satsingsområde kan ha betyding for skulen si utvikling, der igjennom elevane si læring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid for ulike elevar, samt kunne rettleie i profesjonsfellesskap
  • kan identifisere åtferd som er utfordrande for elevane si læring og drøfte måtar dette kan handterast på

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
  • kan vurdere og kommunisere dei praktiske og estetiske faga sin rolle i skulen og samfunnet

Krav til forkunnskapar

  • LUPEMP100 Praksis 1.år musikk
  • LUPEMP200 Praksis 2.år musikk

Undervisnings- og læringsformer

Praksis

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Praksis, 20 dagar.

Karakterskala: Bestått /Ikkje bestått.

Dersom ein student blir vurdert til ikkje bestått har vedkommende rett til eit (1) nytt forsøk, jfr. Forskrift om studiar og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Forenkla sluttvurdering blir gitt etter at praksisperioden er gjennomført. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel