Hopp til innhald

LUPEMP400 Praksis 4.år musikk

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis i dette emnet blir gjennomført i vidaregåande opplæring.

Praksisen er delt i to:

  • Haust: 20 dagar i vidaregåande opplæring
  • Vår: 5 dagar i kulturskule. For studentar som reiser på utveksling våren, vil høgskulen legge til rette for at studenten kan ta desse fem praksisdagane i 5. studieår.

I praksis skal studenten planlegge, gjennomføre og evaluere eiga og medstudentar si undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, skrive refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøta og lærar/personalmøte.

Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, temadagar, konsertar m.m. Det skal leggast til rette for at for- og etterarbeid kan gjerast innanfor ordinær arbeidstidsramme. Ved eventuell kveldspraksis og/eller praksis i samanheng med helg, skal arbeidsdagen forskyvast eller kompenserast for på andre dagar.

Ein praksisdag skal tilsvare ein arbeidsdag, og studenten skal vere tilstades 7,5 timar kvar dag.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar musikkfaget
  • har inngåande kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid
  • har kunnskap om læraren sin rolle som kulturformidlar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan aleine og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i vidaregåande opplæring ut frå nasjonale styringsdokument
  • kan bruke eit breitt utval av arbeidsmåtar og læremidlar i undervisninga og på ulike læringsarenaer

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
  • kan analysere og vurdere relevante og faglege etiske problemstillingar og gjennomføre relevante tiltak
  • kan vurdere og kritisk reflektere over eigen lærarkompetanse og eige læringsbehov, og kan bidra til nytenking om profesjonsutøving

Krav til forkunnskapar

LUPEMP100 Praksis 1.år musikk

LUPEMP200 Praksis 2.år musikk

LUPEMP300 Praksis 3.år musikk

Undervisnings- og læringsformer

Praksis

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Praksis, 25 dagar obligatorisk praksis rettleia og vurdert, 2 delpraksisar (100% oppmøtekrav)

To delvurderingar: Karakterskala bestått / ikkje bestått.

  • Haust:
    • P1: 20 dagar praksis i vidaregåande opplæring
  • Vår:
    • P2: 5 dagar praksis i kulturskule.

Alle delpraksisar må vere bestått for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein delpraksis, kan denne takast opp att åleine.

Samla sluttkarakter vår: bestått/ikkje bestått.

Vurderinga er ikkje etterprøvbar. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel