Hopp til innhald

MPUV550 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Masterarbeidet skal være eit sjølvstendig empirisk og vitskapleg arbeid som dokumenterer innsikt i aktuell forsking, teoriar, metodar og tilnærmingar som er relevante for oppgåva si problemstilling. Val av tema, forskingsspørsmål og design, skal skje i samråd med oppnemnd rettleiar, og med utgangspunkt i godkjent prosjektskisse.

Masteroppgåva skal skrivast i samsvar med gjeldande generelle retningslinjer for masteroppgåver ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om valt forskingsfelt
  • har kunnskap om planlegging og gjennomføring av eige forskingsprosjekt
  • har inngåande kunnskap om bruk av forskingsmetodar og vitskapsteoriar knytt til eige forskingsprosjekt
  • har inngåande innsikt i kva som er vitskapleg kunnskap, og korleis denne vert utvikla
  • har kunnskap om forskingsetikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan avgrense, formulere og operasjonalisere ei klar problemstilling
  • kan utvikle eit forskingsdesign og vurdere forskingsetiske implikasjonar
  • kan anvende og grunngje val av forskingsmetode og vitskapsteori i samsvar med eiga forsking
  • kan orientere seg i litteratur og tidlegare forsking som er relevant for eiga forsking
  • kan analysere, drøfte og reflektere over innsamla datamateriale
  • kan bruke relevante verktøy for analyse av kvalitative og/eller kvantitative data
  • kan utforme og gjennomføre studien i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan anvende referansar etter fastsette reglar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere og reflektere over eiga forskarrolle
  • kan vurdere og beherske fagområdets kunnskapsgrunnlag og forsking, og bruke dette som grunnlag for analyse i eige forskingsprosjekt
  • kan planleggje, gjennomføre og evaluere eit avgrensa forskingsprosjekt
  • kan formidle forskingsresultat
  • kan bruke sin kompetanse på nye områder innan sitt fagområde

Krav til forkunnskapar

Gjennomført eller godskrive studieretningsemne, samt fellesemne MPUV503 (Undervisning og leiing i ein digital utdanningskontekst) og MPUV504 (Vitskapsteori og metode). MPUV505 (Utdanningsforsking i praksis) må vera bestått før innlevering av masteroppgåva (MPUV550).

Undervisnings- og læringsformer

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, og skal gjennomførast under rettleiing. Det skal utformast rettleiingsavtale for arbeidet. Studenten skal ta initiativ til rettleiing, og har ansvaret for arbeid med masteroppgåva etter oppsett plan. Det vil bli arrangert seminar der studentane legg fram utkast til tekstar i ulike fasar av masterprosjektet. Det blir forventa at studentane deltar aktivt i diskusjon av eigne og andre medstudentar sine tekstar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal delta med tekstutkast og/eller praktisk framlegging av masteroppgåva på seminar minst to gonger i arbeidet med masteroppgåva. På seminaret skal studentane leggje fram arbeidet sitt for drøfting og respons frå medstudentar og rettleiarar i ulike fasar i arbeidet, og gje tilbakemeldingar til medstudentar.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan levere inn masteroppgåva. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før innleveringsfristen for masteroppgåva.

Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gjevne ved semesterstart.

Vurderingsform

Vurderinga består av ei skriftleg oppgåve (Masteroppgåve), som skal skrivast individuelt eller i par, og ein individuell justerande munnleg eksamen.

Masteroppgåve

Omfang og formalia for oppgåva er å finne i generelle retningslinjer for masteroppgåver ved fakultetet.

Justerande munnleg eksamen

Eksaminasjon i inntil 45 minutt med utgangspunkt i oppgåva. Vurderinga av den munnlege prestasjonen kan justere karakteren på masteroppgåva opp eller ned maksimalt ein karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestera. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel