NAB2022 Skipsteknikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Innføring i hydrostatikk, stabilitet og trim på skip eller fartøy. Innføring i materiallære, skjærkrefter og bøyemoment, materialspenning, skroget si oppbygging, belastingar på skipsskrog, dimensjoneringsreglar. Korrosjon, overflatehandsaming, måling og vedlikehaldssystem vert og gjennomgått.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

- Har grunnleggande kunnskap på områda initialstabilitet, trim, store krengevinklar, dynamisk og statisk stabilitet, effekt av fri væskeoverflate, ising, lastelinje, samt stabilitet etter skade og grunnstøting.

- Har brei kunnskap innan dei omgrepa som omfattar styrke og belastingsmoment som skip vert utsett for, i tillegg til reglar for desse.

- Forstår behovet for vedlikehald og korleis ein vurderer kva for metodar som skal nyttast.

- Kjenner til vedlikeholdssystem og bruk av slike.

 

Ferdigheiter:

Studenten:

- Kan demonstrere kva som påverkar hydrostatikk og stabilitet på skip eller farty.

- Kan nytta terminologi og gjøre berekningar innan hydrostatikk.

- Kan gjera grunnleggande berekningar innan initialstabilitet, trim, store krengevinklar, dynamisk og statisk stabilitet, effekt av fri væskeoverflate, ising, lastelinje, samt stabilitet etter skade og grunnstøting.

- Kan vurdera skipet sine lastekondisjonar med utgangspunkt i tillaten skjærkraft og bøyemomentdiagram.

- Kan utføra berekningar for styrke og belasting, og nytta skjærkraft- og bøyemomentdiagram.

- Er i stand til å operera skip sikkert med omsyn til skipet sin konstruksjon og styrke.

- Kan vurdera kva for former for vedlikehald som er naudsynt i ein spesifikk situasjon, og korleis dette vert utført.

- Har god kjennskap til vedlikehaldsstyringssystem og kan følgje opp planlagt vedlikehald.

 

Kompetanse:

Studenten: 

- Har teoretisk kompetanse innan emnet i tråd med STCW 78 med tillegg, tabell A-II/1 og A-II/2.

- Har innsikt i relevante problemstellingar relatert til fagområdet.

- Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

NAB1001 Fysikk

Tilrådde forkunnskapar

 NAB1030 Grunnleggende matematikk

Undervisnings- og læringsformer

 Forelesingar og rekneverkstad.

Arbeidskrav

6 obligatoriske innleveringar

3 Innleveringar i Hydrostatikk kor 2 må vere bestått

3 i Innleveringar i Skipskonstruksjon kor 2 må vere bestått

Innleveringane består av opp til 10 oppgåver kvar.

Oppgåvene vil vere ein kombinasjon av gjennomgått teori og mattematiske beregningar

Datoar for innleveringar vært gitt ved semesterstart

Vurderingsform

Del 1: Skriftleg eksamen, 5 timar, tel 60 % på endelig karakter.

Del 2: Skriftleg eksamen, 4 timar, tel 40 % på endeleg karakter.

Begge delane må vere greidd.

(Gradert karakter A - F)

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX.

Teknisk formelsamling med tabeller ved Svein Erik Pedersen, Jan Gustavsen, Svein Kaasa og Oddmund Olsen blir delt ut av høgskulen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB1011 (1) - Hydrostatikk og stabilitet - Reduksjon: 8 studiepoeng
  • NAB2007 (1) - Skipskonstruksjon - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • NAB1021 (1) - Hydrostatikk og stabilitet - Reduksjon: 8 studiepoeng
  • NAB2060 (1) - Lasteteknikk - 2 - Reduksjon: 0,5 studiepoeng
  • NAB2059 (1) - Lasteteknikk - 1 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng