Hopp til innhald

NABP1003 Danning og akademisk handverk - Sjømannskap

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Danning handlar om relasjonar mellom individ og fellesskap. For å være et integrert og verdsett medlem av fellesskapet må individet oppføre seg slik at det bidrar til at livet blir godt både for andre og for dei sjølv. «Danning» er eit samleomgrepet for dei kunnskapane og kompetansane individ treng for å bli verdsette medlemmer av fellesskapet. Danning aukar menneskets evner til å takle utfordringar som kjem og er såleis ein viktig forutsetning for den videre eksistensen av siviliserte, berekraftige og frie samfunn.

Danning og utdanning forsterkar kvarandre gjensidig. Utdanning er å tileigne seg kunnskapar, dugleik og evner. Danning er å vite kordan man skal bruke kunnskapane til det beste for alle, i ein verd i rask endring.

Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.

Emnet går i det første semesteret av studiet og har eit på studiepoeng. Emnet har ein fellesdel som utgjer 5studiepoeng og ein utdanningsspesifikk del på 5. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonskunnskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar Kandidaten

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor det maritime fagområde og innanfor vitskapane generelt.
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid med særleg fokus på kommunikasjon og samarbeid på skip, mellom skip og mellom skip og land.
  • har kunnskap om etikk.

Dugleik

Kandidaten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor det maritime fagområde og innanfor vitskapane generelt, samt trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe.
  • kan formidle og diskutere sentralt fagstoff og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Fleire ulike læringsformer blir nytta, inkludert studentaktivitet, førelesingar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle.


Det blir brukt studentaktive læringsformer og såkalla omvend pedagogikk, med digitale ressursar tilgjengelege i Canvas.


Rettleiing blir gitt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet.

  • Individuelt skriftleg arbeid der studenten skal skrive ein akademisk tekst knytt til eigen profesjon eller eige fagområde. (lengde på teksten må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • Som et ledd i akademisk skriving gjennomførast øvingar i å ta skriftlege notat frå alle munnlege presentasjonar gitt av eksterne representantar frå den maritime næringen. Obligatoriske innleveringar av notata frå alle slike presentasjonar.
  • Deltaking i gruppearbeid knytt til å formidle innhaldet i eiget skriftleg arbeid samt reflektere og diskutera tema innan eige fagområde og vitskapane generelt.

Krav til deltaking/frammøte i obligatoriske læringsaktivitetar er 80%, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL §8-4(3).

Dersom studentar ikkje fullfører ein obligatorisk læringsaktivitet innan tidsfristen, eller den blir ikkje godkjent, får de eit (1) nytt forsøk. Dette gjelder ikkje for øvingane i å ta notat. Der er det berre 80% regelen som gjeld.

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 2000 ord for 10 +/- 10%

Vurderingsuttrykk: Bestått/Ikkje bestått, jf. forskrift om studium og eksamen §13-9(3).

Ny eksamen: Dersom eksamen ikkje er bestått, er det mogleg å levere omarbeidd versjon innan gitt tidsfrist som seinast vert ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) og store språkmodeller (f.eks CharGPT) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BARN110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BIO101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ERG110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • FYS110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • IDF100 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • LUPEKI101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • LUPEM101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • RAD110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SAB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SO110 - Danning og akademisk handverk - sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKDB110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKDES110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKDF110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKDH110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKF110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKH110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SYKS110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • VPD110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • VPL110 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng