SA595 Innføring i ungdomssosiologi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i ungdomssosiologiske problemstillingar. Dette feltet er innhaldsrikt, og emnet tek dermed sikte på å orientere studentane om breidda og variasjonen i tema og problemstillingar som dei møter seinare i studiet. Studenten får høve til å organisere/ leie diskusjonar med andre studentar på emnet og skrive korte sosiologiske tekstar. Undervisninga er bygd opp kring klassisk og nyare faglitteratur og forskingsresultat.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne

  • Har studentane kunnskap om oppvekstvilkåra til unge i seinmoderne samfunn
  • Kjenner studentane til grunnleggjande omgrep i ungdomssosiologien som ungdom, livsløp, identitet, ungdomskultur, jamaldringsgrupper osb.
  • Kjenner studentane til ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå knytt til utdanning, arbeid, identitet, familie, venner, økonomi, livstil, helse, avvik, politisk engasjement, osb.
  • Har kandidaten kunnskap om sentrale spørsmål i ungdomssosiologi, kva for plass ungdomssosiologi har i samfunnsvitskap spesielt og i samfunnet generelt, korleis ungdomssosiologi har utvikla seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi ungdomsforsking har i dag
  • Kjenner studentane til kva for rolle ungdomssosiologi kan ha i praktisk arbeid med ungdom

Ferdigheiter

Etter fullført emne

  • Kan studentane finne, vurdere og vise til ungdomssosiologisk faglitteratur/studiar
  • Kan studentane orientere seg i relevant ungdomssosiologisk faglitteratur
  • Kan studentane presentere innhaldet i ungdomssosiologiske fagtekstar på grunnleggjande nivå
  • Kan studentane reflektere over ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå

Generell kompetanse

Etter fullført emne

  • Har studentane fått innsikt i ungdomssosiologien som grunnlag for vidare studiar
  • Kan studentane utveksle synspunkt på og erfaringar med ungdomssosiologiske spørsmål og problemstillingar
  • Kan studentane planleggje og gjennomføre formidling av sentrale tema i ungdomssosiologien

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, skriftlege innleveringar og sjølvstudium.

Arbeidskrav

Studentar skal skrive to korte tekstar. Omfang 200 ord på kvar tekst. (Godkjend/ikkje godkjend)

Arbeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjende før ein kan gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel