YFL810 Vurderingspraksis og læreplanforståing (del 2)
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å auke studentane sine ferdigheiter til å analysere og implementere læreplanverket, med særskilt fokus på vurderingsarbeid og å vidareutvikle studentane sin vurderingspraksis. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisnings- og vurderingspraksis og fagområde. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane. Hovudfokus vil vere å utvikle ei heilskapleg læreplanforståing og analysar som grunnlag for undervisning og tilrettelegging for læring i yrkesfaga. Læreplananalyse vil òg bli drøfta i samanheng med undervegsvurdering for vurdering for læring. Sentrale tema er Overordna del av læreplanverket, djupnelæring, tverrfaglege tema og kjerneelement i læreplanar i fag.
Sentrale tema studiet:
- Sentrale føringar i læreplanverket og implikasjonar for undervegs- og sluttvurdering
- Heilskapleg tilnærming til læreplanar og implikasjonar for didaktisk arbeid og undervegsvurdering
- Demokrati og medborgarskap knytt til vurdering
- Vurdering i ulike læringskontekstar og samhandling mellom ulike arenaer og aktørar i vurderingsarbeid
- Tverrfaglege tema og vurdering
- Djupnelæring, kjerneelement og grunnleggjande ferdigheiter
- Utvikling av vurderingskultur i skulen
Tilbodet er forankra i Opplæringslova med forskrift, læreplanverket for grunnopplæringa (LK20) og strategien Yrkesfaglærarløftet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:
Kunnskaper:
Studenten
- har kunnskap om Læreplanverket Kunnskapsløftet 2020 og korleis utvikle heilskapleg tilnærming til implementering av alle delar av læreplanverket
- har kunnskap om læreplananalyse og konsekvensar for undervegsvurdering
- har kunnskap om djupnelæring og sjølvregulert læring
- har kunnskap om elevmedverknad, læring og vurdering
Ferdigheter:
Studenten
- kan analysere, kritisk vurdere og vidareutvikle eigen vurderingspraksis i tråd med læreplanverket
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere yrkesrelevant opplæring med utgangspunkt i LK20
Generell kompetanse:
Studenten
- kan vere nytenkjande og dele kunnskap om heilskapleg læreplanarbeid og vurdering med kollegaer på eigen arbeidsplass
- kan bidra til å vidareutvikle og kritisk reflektere rundt heilskapleg læreplanarbeid og vurderingskultur på eigen arbeidsplass
Krav til forkunnskapar
YFL802 Vurderingspraksis og læreplanforståelse (del 1).
Undervisnings- og læringsformer
Tilbodet er delvis nettbasert med to samlingar på Campus og ei nettbasert samling.
Studiet vekslar mellom fagleg formidling, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og verktøy for læreplanarbeid og dei skal delta i digitale nettverksgrupper, der det vert drøfta utprøvingar av metodar og verktøy knytt til heilskapleg tilnærming til læreplanverket, med særskilt fokus på vurdering for læring.
Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av obligatoriske læringsaktiviteter i studiet. Studentane blir organisert i nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
- Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
- Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.
Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen i nettverksgrupper.
Eksamen vert organisert som eksamenskonferanse på campus. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet og obligatoriske læringsaktivitetar i studiet. Eksamen er open for kollegaer og skuleleiing.
Karakter: Bestått/ ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel