EL2-304 Høgspenningsanlegg

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I hovedtrekk skal faget innehalda:

  1. Enkle elektromagnetiske betraktningar knytt opp mot høgspenningsanlegg med forskjellige typar isolasjonsmateriale.
  2. Ulike typar og eigenskapar til isolasjonsmateriale med isolasjonskoordinering og berekningar.
  3. Overspenningar og overspenningsvern med tilhøyrande berekningar av ulike typar overspenningar.
  4. Val og krav ein bør setta til ulike typar høgspenningskomponentar.

Læringsutbytte

Kunnskap Studenten

-kan forstå og kunne setta rett krav til komponentar i høgspenningsanlegg samt forstå og kunne kjenne til miljøpåverknaden utstyret og bruken av materiell og utstyr har (spesielt med hensyn til avfallshåndtering og miljøgifter).

- kjenner til typar og eigenskapar knytt til:

  1. Isolasjonsmaterialar.
  2. Forskjellige typar overspenningar og overspenningsvern.
  3. Brytarar, sikringar og kablar.

- kjenner til forskrifter, standardar og normer for høgspenningsanlegg og gyldigheitsområdet for desse. Kunne bruke dette i skriving av tekniske spesifikasjonar.

Ferdigheiter Studenten kan

  1. berekne og kartlegge elektriske felt i ulike typar isolasjonsmateriale.
  2. velje isolasjonsmateriale
  3. beskrive ulike typar feil i isolasjonsmateriale
  4. berekne overspenningar ved bruk av vandrebølgjemodell. Bruke refleksjonsmodell.
  5. kunne velja rett overspenningsvern basert berekningar av overspenningar
  6. beskrive virkemåte, funksjon og tekniske krav til høgspenningskomponentar
  7. kunne bruke forskrifter, standardar og normer for høgspenningsanlegg i skriving av tekniske spesifikasjonar.

Generell kompetanse Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro , Matematikk 1 og 2, Elektriske maskiner, Energiproduksjon og energidistribusjon, eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, laboratorieøvingar og rekneøvingar.

Arbeidskrav

Laboratorieoppgåve

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4t. (60%)

Mappe (40%) Tre mappeelement med ca lik vekting: Ein innlevering, ein presentasjon og ein prøve.

Både eksamen og mappe må vere greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

 Enkel kalkulator ihht godkjent liste.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • EL2-302 (1) - Høgspenningsanlegg - Reduksjon: 10 studiepoeng