ELDHELS002 Sjuke eldre og samhandling

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet vil spesielt vektleggje utfordringar knytt til kompleksiteten i eldre sitt sjukdomsbilete, fysisk og psykisk, og gi studentane djuptgåande kunnskap i tverrfagleg geriatri. Det vil vere fokus på dei vanlegaste fysiske og psykiske sjukdomane hjå eldre, på individualitet, utnytting av ressursar, deltaking frå brukar, og nødvendigheita av tverrfagleg samarbeid og samhandling mellom ulike tenestenivå både når det gjeld utgreiing, diagnostisering, tiltak og oppfølging.

·         den geriatriske pasienten

·         systematisk kartleggjing og tverrfagleg utreiing

·         etiske og juridiske aspekt

·         smerter og smertevurdering 

·         legemiddel, medikamentell og ikkje-medikamentell behandling

·         rørsle og aktivitet

·         klinisk alderspsykiatri

·         misbruk av rusmiddel

·         rehabilitering

·         tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid  i og mellom ulike nivå 

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

  • har inngåande kunnskap om kompleksiteten i eldre sitt fysiske og psykiske sjukdomsbilete og dei utfordringar dette vil ha for helsetenester til sjuke eldre
  • har inngåande kunnskap om sentrale føringar som dannar grunnlag for omstilling og endring i  helse- og omsorgstenester til eldre

 

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan kartleggje systematisk, vurdere kritisk og setje i verk personorientert behandling og omsorg til sjuke eldre på ein måte som tar vare på deira eigne ressursar/ ønske og fremjar helse
  • kan samhandle i og med 1. og/eller 2. linjetenesta slik at den eldre pasienten

opplever eit samanhengjande og heilskapleg tenestetilbod

  • kan formulere konkret og relevant problemstilling med utgangspunkt i eige fagområde
  • kan utføre systematisk litteratursøk og utøve kjeldekritikk

 

Kompetanse

Kandidaten:

  • kan analysere, vurdere og kommunisere relevante fag, yrkesetiske og juridiske utfordringar knytt til sjuke eldre

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ELDHELS001 Eldre og helse, 15 studiepoeng

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, dialog, sjølvstudie, gruppearbeid, hospitering på annan arbeidsplass og muntleg presentasjon av studiekrav.

Emnet er samlingsbasert og det krevst ein tydelig eigeninnsats mellom samlingane

Arbeidskrav

80 % frammøte til undervising

1- 2 dagar med hospitering med fokus på ei klinisk problemstilling med påfylgjande skriftleg oppgåve på 2000 ord

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Ny eksamen blir gjennomført med same form som ved ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel