EVL-PROG101 Programmering for lærarar 1

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp problemløysing og algoritmisk tenking, og skal gi kunnskap og innsikt i ulike teknologiar, og korleis ein kan ta programmering i bruk i læringsarbeid. Emnet skal vera praktisk retta, og legg mellom anna vekt på utprøving i eigen undervisningspraksis.

Følgjande tema vil bli vektlagt:

  • Problemløysing
  • Algoritmisk tenking
  • Programmering i skulen
  • Visuell programmering
  • Styring av teknologi
  • Praksisorientert med utprøving i eigen praksis

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggande forståing for algoritmar
  • har brei kunnskap om visuell programmering og om oppbygging av dataprogram
  • har kunnskap om grunnleggande struktureringsprinsipp
  • har kunnskap om grunnleggande prinsipp i programmering (løkker, testar, variablar, funksjonar og enkel brukarinteraksjon) 
  • har kunnskap om og kan oppdatera sin kunnskap om praktisk bruk av programmering i klasserommet

Ferdigheter

Studenten

  • kan tilrettelegga for arbeid med algoritmisk tenking med elevar utan digitale verktøy
  • kan laga enkle dataprogram med visuelle programmeringsspråk
  • kan analysera og reflektera over bruk av teknologi og programmering
  • kan feilsøka og bygga vidare på programkode
  • kan tilrettelegga for eleven si læring ved hjelp av programmering

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan reflektera over eigen fagleg praksis og justera denne under rettleiing
  • kan planlegga og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er heilt nettbasert. Opplegget inneheld førelesingar, rettleiing, nettdiskusjonar, nettbaserte ressursar, øvingsoppgåver og arbeid med mappeelement. Faglærarar og studentar samarbeider via læringsplattform (Canvas). Arbeidskrav vil inngå i arbeidet med emnet.

Praktisk informasjon om emnet: Eigen Micro:Bit, webkamera og mikrofon tilknytta datamaskinen er eit krav.

Arbeidskrav

Studenten må ha gjennomført 60% av øvingsoppgåvene.

Vurderingsform

Mappe (individuell): Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar som kan etterprøvast og blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vera fullført til fastsett frist. Mappevurderinga er bygd opp som ei samla mappevurdering.

Mappa vert vurdert med karakteren Bestått/ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel