Hopp til innhald

FYS802 Barnehagelærarrolla og pedagogisk arbeid med fysisk aktiv leik

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet Barnehagerolla og pedagogisk arbeid med fysisk aktiv leik (FYS802) er dei andre 15 studiepoenga i vidareutdanninga Fysisk- motorisk utvikling og aktivitet i barnehagen på tilsaman 30 studiepoeng. Studiet er på masternivå.

Målet med emnet er å auke studentane sin innsikt i korleis ein kan legge til rette for fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik i barnehagen, og endra praksis i eigen barnehage. Læringsmåla er fokuserte rundt tilrettelegging for fysisk aktiv leik og korleis fysisk aktiv leik kan integrerast i ulike fagområde, slik at alle barn opplever utfordring og meistring på tvers av ulike føresetnadar for deltaking i det fysiske og sosiale fellesskapet. Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen er sentralt i emnet, der kunnskapen studentane utviklar delast i eigen barnehage og driv praksis framover. Emnet vil vidare vektleggje refleksjon rundt barnehagelærarrolla i høve til korleis ein kan sjå fysisk aktivitet i samanheng med barnehagen sitt mandat. Emnet vil bygge på autonomi og demokrati som viktige verdigrunnlag, der både personalet (studentane) og barn sin medverknad er føresetnadar for utviklingsarbeid og utforsking av nye tenkjemåtar, aktivitetar og leik i barnehagen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om fysisk aktiv leik, inkludert omgrepa fri leik, rettleia leik og leikbasert læring
  • har inngåande fagdidaktisk kunnskap om korleis ein kan legge til rette for utvikling av motoriske ferdigheiter
  • har inngåande kunnskap om korleis barnehagen kan fremme og integrere fysisk aktivitet/ fysisk aktiv leik i tråd med Rammeplanen
  • har kunnskapar om korleis bruk av det fysiske miljøet kan stimulere til fysisk aktiv leik
  • har kunnskap om korleis ein driv utviklingsarbeid i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for fysisk aktivitet for alle barn gjennom heile barnehagekvardagen
  • kan bruke fagdidaktisk kunnskap i leik- og læringssituasjonar
  • kan kritisk reflektere over barnehagelærarrolla og over eigen praksis
  • kan integrere fysisk aktiv leik og fagområda i Rammeplanen
  • kan skape gode læringsmiljø som fremmar barn sin autonomi, deltaking, samspel og meistring

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre, evaluere og reflektere over eigne tiltak for fysisk aktivitet/fysisk aktiv leik i barnehagen
  • er bevisst eiga rolle og barnehagen si rolle for fremming av fysisk aktivitet, leik og læring
  • har endrings- og utviklingskompetanse
  • kan leie dialogar om faglege utfordringar i personalgruppa og utviklingsarbeid i barnehagen

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet Fysisk aktiv leik i barnehagen (FYS801)

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil ha fysiske samlingar på høgskulen og nettundervising. Arbeidsmåtar vil veksle mellom teoretisk og praktisk aktivitet, førelesingar, samt diskusjon i grupper og sjølvstendig refleksjon. Emnet vil bruke utviklingsarbeid i eigen barnehage som ein sentral arbeidsmåte og ha arbeidskrav knytt til utviklingsarbeid og erfaringsdeling. Emnet vil utvikle studentane sin digitale kompetanse gjennom bruk og utvikling av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar.

I emnet er det er to obligatoriske læringsaktivitetar som er forankra i emnet sitt læringsutbytte.

Obligatorisk læringsaktivitet 1: Skisse for fysisk aktivitet i barnehagen. Skriftleg innlevering. Individuelt. Knytt til følgjande læringsutbytter:

  • Studenten kan leggje til rette for fysisk aktivitet for alle barn gjennom heile barnehagekvardagen
  • Studenten har kunnskap om korleis ein driv utviklingsarbeid i barnehagen
  • Studenten kan integrere fysisk aktiv leik og fagområda i Rammeplanen

Obligatorisk læringsaktivitet 2: Gjennomføre utviklingsarbeid i eigen barnehage. Gjennomføring og munnleg presentasjon. Individuelt. Knytt til følgjande læringsutbytter:

  • Studenten kan planleggje, gjennomføre, evaluere og reflektere over eigne tiltak for fysisk aktivitet/fysisk aktiv leik i barnehagen
  • Studenten er bevisst eiga rolle og barnehagen si rolle for fremming av fysisk aktivitet, leik og læring
  • Studenten har endrings- og utviklingskompetanse
  • Studenten kan leie dialogar om faglege utfordringar i personalgruppa og utviklingsarbeid i barnehagen

Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Praktisk eksamen. Studentane får ei gruppeoppgåve som skal løysast og presenterast munnleg, med avsluttande samtale.Varigheit 1 time pr gruppe.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel