HO2-300 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Prosjektet skal vere praktisk og/eller teoretisk, helst eit utviklings- eller utgreiingsprosjekt for industrien/næringslivet eller offentleg forvaltning. Prosjektet omfattar planlegging, kostnadsoverslag, litteraturstudiar, prosjektering, konstruksjon, større målingar/undersøkingar og utvikling av eventuell prototype. Det blir lagt stor vekt på utarbeiding av dokumentasjon og kvalitetssikring av resultatet. Det vert lagt opp til oppgåver i nært samarbeid med verksemder i regionen. I samband med utviklingsarbeidet er det aktuelt å lese utvalde forskingsartiklar under rettleiing.

Læringsutbytte

Kunnskap - Har kunnskapar og kompetanse innan teknologisk forsking- og utviklingsarbeid, prosjektadministrasjon og fagleg/administrativ dokumentasjon - Har kjennskap til formidling av prosjektarbeid - Har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar - Har kunnskap om innovasjonsprosesser og entreprenørskap.

Ferdigheiter - Kan planlegge, gjennomføre og dokumentere løysinga på ei større oppgåve - Kan dokumentere problemstillingar, teori, drøfting og val av løysingar både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk - Kan presentere prosjektet i seminarform, både på norsk og engelsk  

Generell kompetanse - Har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innenfor sitt fagområde og kan sette desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv - Kan formidle elektro-/bygg- og anleggfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og kan bidra til å synliggjere fagteknologiens betydning og konsekvensar. - Kan reflektere over eigen fagleg utøvelse, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse eigen fagleg utøving til den aktuelle arbeidssituasjon. - Kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og kan dele sine kunnskapar og erfaringar med andre.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i minst 120 studiepoeng frå 1., 2. og 3. årskurs.

Tilrådde forkunnskapar

Ingeniørfagleg systememne og alle emne 1. og 2. år

Undervisnings- og læringsformer

Prosjektarbeid med rettleiing, normalt i grupper på 2 til 4 kandidatar.

Arbeidskrav

Prosjektbeskrivelse, forprosjekt og midtvegspresentasjon.

Vurderingsform

Skriftleg sluttrapport, poster og pressemelding, heimeside, dokumentasjon av prosjektgjennomføring, fysisk produkt der dette finst og munnleg presentasjon. Munnleg presentasjon pluss utspørring kan gi justering av karakteren med ein karakter opp eller ned på individnivå.