Hopp til innhald

HSPED801 Innføring i universitetspedagogikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er samlingsbasert og går over to samlingar med tilhøyrande før- og etterarbeid. Emnet gir ei innføring i feltet høgskulepedagogikk. Studiet har ein kritisk reflekterande og forskande tilnærming til utvikling av læring og undervisning i høgare utdanning.

For dei som tek emnet for å dokumentera utdanningsfagleg kompetanse vil oppgåvene frå Innføringsemnet kunne nyttast i den pedagogiske mappa

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til aktuelle styringsdokument knytt til undervisning i høgare utdanning
  • har kjennskap til ulike perspektiv på undervisning, læring og vurdering i høgare utdanning
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp for rettleiing av kollega og studentar
  • har kunnskap om didaktiske modeller for å planleggje og gjennomføre og evaluere undervisning.
  • kan grunngjeve eige lærings- og kunnskapssyn og forholda seg reflektera til eiga lærarrolle

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning og rettleiing, både individuelt og i samarbeid med kollegaer, på en måte som fremmer studentars læring og faglege utvikling
  • kan innhente og bruke tilbakemeldingar frå studentar, kollegaer til å systematisk utvikle undervisnings- og læringsprosessar
  • kan rettleie kollega i utvikling av undervisning og læringsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere, utarbeide og vidareutvikle emne- og programplanar innanfor sine fagområde
  • har ei kritisk og analytisk haldning til planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga og kollegars undervisning
  • har eit profesjonelt og yrkesetisk haldning til vidareutvikling av rolle som underviser og som part i faglege og kollegial fellesskap

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking på kollegarettleiing
  • Deltaking på samlingane

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Oppgåve, ca. 2000 ord.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel