ID3-105 Treningslære

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Treningslære har både teoretisk og praktisk undervisning (grunntrening).

Teoriundervisninga omhandlar tema som treningsmetodar i uthald, styrke, spenst, hurtigheit, rørsleevne, og mental trening. I tillegg vil prestasjonsbestemmande faktorar og treninga si verknad på desse faktorane, treningsgjennomføring, testing, kosthald og treningsplanlegging vere sentralt.

Grunntreninga eksemplifiserer teoretiske tema og gir eksempel på utføring av trening for å betre uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening og treningsplanlegging
  • har kjennskap til og kan forklare grunnleggande modellar, prinsipp og metodar for mental trening
  • kan forklare prestasjonsbestemmande faktorar og treninga si verknad på desse faktorane
  • kan forklare verknaden av ulike treningsmetodar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre og vurdere treningsmetodar for uthald, styrke, spenst, hurtigheit og rørsleevne
  • kan gjennomføre utvalde testar
  • kan bidra i planlegging og utforming av eit mentalt treningsopplegg til ein utøvar eller eit lag

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forklare grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
  • kan forklare særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit, rørsleevne og mental trening
  • kan forklare korleis ulike faktorar påverkar vår prestasjonsevne

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Teoretisk og praktisk gjennomgang av fagstoffet ved førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Arbeidskrav

  • Emnet består av obligatoriske læringsaktivitetar i form av grunntrening. Det er obligatorisk frammøte til denne undervisninga.
  • To gruppearbeid
    • Kafedialog
    • Treningslærelogg
  • Ei individuell skriftleg oppgåve

Vurderingsform

Skriftleg individuell eksamen. Eksamenstid: Fem timar. Gradert karakter (A-F), der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ID3-132 (1) - PT - Treningslære - Reduksjon: 9,5 studiepoeng
  • ID3-129 (1) - Treningslære - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • ID3-125 (1) - Treningslære - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • ID3-105 (1) - Fysiologi og treningslære - Reduksjon: 15 studiepoeng