ID3-318 Fordjuping Klatring

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Gjennom emnet skal studentane utvikle kunnskap og forståing om sportsklatring og buldring. Studenten skal lære om sikringsmetodar og "metodesettet" for sportsklatring inne og ute. Fordjuping klatring vil gjennomgå teori og praksis som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av klatreøkter. Ved å fokusere på trenar/lærar/instruktørrolla vil studenten få øving med å rettleie klatrarar til ferdigheitsutvikling i klatring. Studentar som oppflyller kravene til Norges Klatreforbund får tilbod om å ta Klatreleder Inne instruktør kurs og kan holde grunnkurs inne og gjennomføre "brattkort prøver."  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om å planlegge gruppeaktivitetar på inne klatrevegg og i buldrevegg på ein trygg måte
  • har kunnskap om å trene barn, unge og vaksne i forhold til ferdigheiter som teknikk, styrke og uthald i klatreanlegg
  • har kunnskap om korleis ein gjennomfører trygg sportklatring på klatrefelt ute
  • har kunnskap om krav til trenargodkjenning hos Norges Klatreforbund (NKF) og hos Norsk Fjellsportforum (NF)

Ferdigheitar

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre gruppeaktivitetar på inne klatrevegg og i buldrevegg på ein trygg måte
  • kan planlegge og gjennomføre klatreøkter med barn, unge og vaksne i forhold til ferdigheiter som teknikk, styrke og uthald i klatreanlegg
  • kan planlegge og gjennomføre NKF "grunnkurs inne" og gjennomføre "brattkort prøver"
  • kan nytte klatrefelt ute på ein trygg måte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan organisere klatring som aktivitet innandørs for barn, ungdom og vaksne
  • være NKF Klatreleder inne instruktør på innføringskurs inne
  • kan gjennomføre Topptaukort- og Brattkortprøver
  • kunne trygt nytte sportsklatrefelt ute

Krav til forkunnskapar

Årsstudium idrett eller anna relevant utdanning.

Inneha Brattkort. (Ein må ha klatra eitt år for å kunne ta NKF Klatreleder Inne instruktørkurset.)

Tilrådde forkunnskapar

Innha Brattkort, samt å ha kjennskap til å klatre/buldre. 

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, praktiske klatreøkter knytt opp mot tema i forelesing, gruppearbeid og framlegging.

Ekskursjon:

  • Sportsklatring, 2 dagar

Arbeidskrav

Før studentane kan gå opp til eksamen må dei:

  • delta på obligatorisk undervisning
  • ha godkjent ekskursjon; planlegging, gjennomføring og evaluering 
  • ha godkjent deltaking på obligatorisk NKF Klatreleder Inne undervisning
  • gjennomføre eit skriftlig individuelt arbeid

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for alternative arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen. Tid: Fire timar. Gradert karakter (A-F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Fagleg overlapping

  • ID3-318 (1) - Klatring - Reduksjon: 15 studiepoeng