IN2-301 Industriell IKT

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kommunikasjon og databehandling: nettverk - feltbussar, datapakker, koding, sampling, diskretisering, overføringsmedia, grensesnitt og ulike prinsipp for styring av dataflyt. Ulike kommunikasjonstypar som Ethernet-nettverk, industrielle protokollar og OPC. Presentasjon av data. Database: Generell databaseteori, informasjonssikkerheit, presentasjon av data, www-teknologi. SCADA

Læringsutbytte

Studenten kan/kjenner til:

  • - digitale og analoge kommunikasjonssystem
  • - vurdere kvaliteten på målesystem eller styresystem
  • - prinsippa for og eigenskapane til styresystem
  • - dataoverføring, tilpassing, lagring og presentering
  • - industrielle nettverk og protokollar - nivåa til nettverksmodellar
  • - lage kommunikasjonsnettverk
  • - SCADA og MES
  • - datastrukturen til ulike databasar og kommandoar i MySQL
  • - bruke database (installasjon, bruk)
  • - lage og bruke nettverkstyringssystem

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Installere, konfigurere og bruke databaser (MySQL)
  • Koble SCADA system mot PLS. Visualiere data frå PLS.

Generell kompetanse

Kandidaten kan bruke databaser i forskjellige ingeniøroppgåver, både som hovedprogram og som del av store system. Kandidaten kjenner til lokale nettverk og feltbussar. Kandiaten kjenner til OPC og OSI modell.

Kandidaten kan bruke kunnskap frå tidlegare emne til å prosjektere, koble, programmere og teste integrerte måle- og styresystemer (frå sensorar, kommunikasjonsprotokollar, PLS, PC, databaser, Java programmering, lokal nettverk, til WWW grensesnitt)

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Datateknikk med programmering, Elektronikk og datamaskiner, Målesystem og instrumentering, Prosesstyring eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og laboratorieøvingar.

Arbeidskrav

5 godkjende laboratorieøvingar.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5t.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle trykte og skrivne. Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ELE304 (1) - PLS programmering - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ELE301 (1) - Industriell IT - Reduksjon: 5 studiepoeng