KUN802 Estetiske læremåtar i skule og barnehage

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet tek for seg estetiske læremåtar i brei forstand, og korleis desse kan nyttast i ulike fag, med hovudfokus på aldersgruppa 5-10 år. Estetiske læringsmåtar er kroppslege, sanselege og heilskapsorienterte og ivaretek heile mennesket. I emnet jobbar ein med drama, musikk og kunst og handverk som verktøy i ulike skulefag og kunnskapsområde i barnehagen. Dei estetiske faga er ein ressurs i arbeidet med fellesskap, sosial kompetanse og ulike overgangssituasjonar. Emnet er samlings- og nettbasert, med base på HVL, Campus Sogndal.

Læringsutbytte

Kunnskaper 

Studenten

  • estetiske læringsprosessar og læring gjennom auditive, visuelle og dramatiske uttrykksformer
  • estetiske læremåtar i arbeid med berekraftig utvikling og kulturforståing, m.a. med utgangspunkt i samisk kultur
  • stemma, visuelt språk og dramatiske uttrykksformer

Ferdigheter

Studenten

  • song, samspel og musikkaktivitetar som læringsverktøy
  • dramatisk improvisasjon og munnleg forteljing som læringsverktøy
  • teikning og visuell formgiving (skissebok) som læringsverktøy
  • dramaturgi som planleggingsverktøy i prosessen fra idé til ferdig produkt

Generell kompetanse

Studenten

  • i å utvikle aktive og inkluderande læringsformer og undervisningsressursar
  • i å reflektere rundt korleis estetiske læremåtar kan bidra til læring i ulike fag og kunnskapsområde

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring med undervisning og pedagogisk arbeid, og/eller kunst- og kulturformidling.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeid med praktiske aktivitetar på samlingar, arbeid i grupper, utprøvingar på eigen arbeidsplass, diskusjonsforum med erfaringsdeling, forelesningar, synkron og asynkron nettundervisning.

Arbeidskrav

Innlevering av refleksjonsnotat om utprøving av estetiske læremåtar med dramatiske, auditive og visuelle uttrykk på eigen arbeidsplass. Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent før eksamen.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen på inntil 30 minutt, med to dagars førebuing.

Karakter: bestått/ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel