Hopp til innhald

KUN804 Praktiske musikkaktivitetar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.

I emnet vil studentane få erfaring med leiing og organisering av musikkaktivitetar med tanke på å fremme kreative og estetiske læreprosessar. Sentralt i emnet står praktisk arbeid og refleksjon knytt til musikalske tema som til dømes rytmikk, improvisasjon, gehørarrangering, samspel og komponering. Kunnskap om korleis ein kan legge til rette for slike aktivitetar i grupper med ulike typar deltakarar vil vera del av emnet. Det er eit poeng at studentane skal ha moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.

Emnet er nett- og samlingsbasert og rettar seg mot lærarar i grunnskulen, kulturskulelærarar, frilansarar og aktørar i det frivillige musikklivet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om korleis ein kan arbeide med ulike musikalske element i gruppeaktivitetar
  • har kunnskap om korleis leiing av kreative og estetiske læreprosessar i musikk kan tilpassast deltakarar med forskjellig nivå og bakgrunn
  • har kunnskap om korleis digitale verktøy kan integrerast i samband med gruppeaktivitetar i musikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leie musikalske workshops og vera sensitiv for deltakarane sine innspel
  • kan bruke eit utval didaktiske verktøy i arbeid med musikkaktivitetar i grupper med einsarta og blanda instrument
  • kan gjennomføre musikalske aktivitetar der kropp og stemme har ein sentral plass

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra aktivt til å skape et godt klima for musikkaktiviteter i grupper
  • kan reflektere over eigen didaktisk og erfaring og kople dette til litteratur som er relevant for innhaldet i emnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Utdanning i musikk og/eller erfaring med musikkundervisning eller leiing av andre typar musikkaktivitetar er ønskjeleg.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert som eit samling- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar i emnet. Arbeidsformane i emnet vil veksle mellom praktisk arbeid, forelesningar og litteraturstudiar.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle obligatoriske læringsaktivitetar vere godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitater.

  1. Gjennomføring av oppgåver som førebuing til samlingar
  2. Framlegging av arbeid på samlingar og nettmøter
  3. Presentere erfaringar frå utprøving av didaktisk opplegg i eigen eller andre si praksis

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang).

Vurderingsform

Mappevurdering.

Mappa inneheld multimodale arbeid der skriftleg tekst, lyd og video kan inngå som sentrale komponentar.

Karakterskala: bestått/ikkje bestått.

Dersom alle elementa ikkje er levert til læringsmappa, vert mappevurderinga vurdert til «ikkje levert»/«ikkje møtt».

Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel