KUN806 Visuell kunst, design og handverk

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Studiet rettar seg mot pedagogar innan visuelle kunstfag, design og handverk i skule, barnehage, kulturskule og frivillig kulturliv.

I løpet av studiet lærer du om:

  • uttrykksformer i kunst og visuell kultur
  • bruk av digitale verktøy innan visuell kunst- og designområdet
  • fagdidaktikk med vekt på individuelle og kollektive kreative og estetiske læreprosesser

Gjennom studiet får du anledning til å utvikle deg i arbeid med visuelle uttrykksformar og digitale verktøy. Som student får du lære om og erfare kreative og estetiske læreprosessar. Strategidokumentet Skaperglede, engasjement og utforskertrang vil være sentralt og danne utgangspunkt for fagdidaktisk refleksjon og diskusjon.

Studiet gir pedagogar innan visuell kunst, design og handverk auka kunnskap og bevissthet om eigen undervisningspraksis. Det vert lagt til rette for at studentane setter innhaldet i studiet inn i en kontekst som er relevant for den enkeltes arbeidsplass (barnehage/skule/kulturskule).

Læringsutbytte

Kunnskapar

studenten

  • har kunnskap om relevante materiale, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
  • har kunnskap om digitale verktøy som kan nyttast i arbeid med kunst og design
  • har kunnskap om kreative og estetiske læreprosessar

Ferdigheiter 

studenten

  • kan bruke relevante materiale, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel i eige skapande arbeid
  • kan bruke digitale verktøy i eige skapande arbeid
  • kan bruke teikning som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar

Generell kompetanse

studenten

  • kan støtte barn si skaparglede, engasjement og utforskartrong i individuelle og kollektive prosessar
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere didaktiske opplegg med barnegruppe

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet er ønskjeleg.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er organisert som eit samling- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar i emnet. Undervisningen varierer mellom workshop, forelesninger og individuell rettleiing.

Det blir lagt til rette for at oppgåver blir tilpassa den enkelte student si utdanningsbakgrunn og arbeidsplass.

Obligatorisk læringsaktivitet

- munnleg presentasjon

- gjennomføre og presentere didaktisk opplegg

Vurderingsform

Mappe

Karakter: bestått/ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel