MAS144 Materialar og tilverking

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Korleis materialanes oppbygging påverkar materialeigenskaper, og karakteristiske eigenskaper for metaller, polymerer, keramer og kompositter. For metaller vil effekten av varmebehandling, bearbeiding og kjemisk samansetning av stål og aluminium. Korrosjon som termodynamisk prosess, samt elektrokjemiske prosesser som spenningsrekka og den galvaniske serien og typar av korrosjonsbestandige materialar og korrosjonsforebygging. Fastleikseigenskaper og -testar, destruktive og ikkje-destruktive. Støyping og plastisk bearbeiding, sveise og skjæreprosesser. Sponfraskillende bearbeiding som dreiing, fresing, boring og sliping. Automatisering og industrirobotar i tilverkingsprosessar.

Læringsutbytte

- Kunnskap:

Studenten:

  • Har grunnleggjande kunnskap om fysiske og mekaniske eigenskapar og bruk og av metalliske material som konstruksjonsmaterial.
  • Har kunnskap om ikkje-metalliske konstruksjonsmaterial
  • Har grunnleggjande kunnskap om korrosjonsprosessar
  • Kan gjere greie for ein del viktige formgjevings- og tilverkningsprosesser.
  • Kan gjøre greie for effekten av temperatur og deformasjon på mekaniske eigenskapar på noen viktige konstruksjonsmaterialar.

- Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan skilje mellom ulike metalliske legeringar og klassifisera desse etter dei fysiske og mekaniske eigenskapane deira og eigna formgjevingsprosess.
  • Kan velje eit material ut frå ønska fysiske og mekaniske eigenskapar til det ferdige produktet.
  • Kan velje ulike behandlings- og tilverkningsprosessar for å oppnå produktets spesifikasjonar, samt kvalitets- og toleransekrav.

- Generell kompetanse:

Studenten:

  • Kan fastleggje ulike materialars mekaniske egenskapar ut i frå ulike testemetodar.
  • Kan velje mellom ulike materialar, tilverkningsmetodar og formingsmekanismar ut ifrå industrielle krav til vara.
  • Kan formidla kunnskap om materialar og tilverkning både skriftlig og munnleg.
  • Har lært å arbeide saman i grupper og i praktiske prosjekt/lab.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekne- og laboratorieøvingar.

Arbeidskrav

Ja (vert spesifisert i undervisningsplanen ved semesterstart).

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar

Gradert karakter A - E / F (stryk).

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Haugesund: Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) vert delt ut under eksamen.

Bergen: Vedlegg til eksamen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ING2005 (1) - Maskinkonstruksjon og tilvirkning - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • TOM162 (1) - Materiallære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS106 (1) - Materiallære og kjemi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS118 (1) - Tilvirkning og automatisering - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS113 (1) - Materiallære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS107 (1) - Maskinkonstruksjon og tilvirkning - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING2015 (1) - Materialer og tilvirkning - Reduksjon: 10 studiepoeng