MAS3-305 Norsk 3

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje eit tilbod om fordjuping i nokre spesifiserte tema, som vil vera relevante for masterstudiet i undervisning og læring. Hovudvekta ligg på metodikk i språk- og litteraturundervisning, med følgjande tema:

  • Talemål og fleirspråklegheit i Noreg i dag
  • Den norske skriftkulturen og forminga av norskfaget
  • Lingvistiske metodar i språkundervisninga
  • Litterære metodar i litteraturundervisninga
  • Digital formidling i norsk språk og litteratur
  • Metodar i vidare leseopplæring
  • Undervegsvurdering i norskfaget

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • Har grundig kunnskap om prinsipielle skilnader mellom tale og skrift.
  • Har grundig kunnskap om utviklinga av den norske skriftkulturen og kunne reflektera over grunnlaget for det moderne norskfaget.
  • Har avansert fagleg innsikt i det moderne norske språklandskapet og vilkåra for språklæring for norske elevar,
  • Har grundig kunnskap om samansette tekstar, og kunne organisere undervisning i dette emnet
  • Har grundig kunnskap om ikt som verktøy i undervisning og om korleis digitale verktøy kan styrkje norskundervisninga

Ferdigheiter

Studenten

  • Har inngåande ferdigheiter i ulike metodiske tilnærmingar til nynorsk som hovudmål og sidemål.
  • Har inngåande ferdigheiter i litteraturdidaktiske metodar og korleis desse kan kome til uttrykk i klasserommet,
  • Har avanserte ferdigheiter i den eksplisitte leseopplæringa i vidare leseundervisning,
  • Har inngåande ferdigheiter i undervegsvurdering i dei ulike delane av norskfaget

Generell kompetanse

Studenten

  • Har inngåande kompetanse om forsking på talemål og fleirspråklegheit i Noreg på 2000-talet og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.
  • Har inngåande kompetanse om nyare leseforsking og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.
  • Har inngåande kompetanse om litteraturdidaktisk forsking og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.
  • Har inngåande kompetanse om nyare forsking på respons og vurdering og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.

Krav til forkunnskapar

Norsk 1 (30 sp) (1.- 7.steg eller 5.-10.steg), eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid. I løpet av emnet vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer. Ei gjennomgåande arbeidsform er skriving av større og mindre akademiske fagtekstar, med tilhøyrande studentrespons. Emnet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presenterte for.

I løpet av studieåret leverer studentane fem større arbeid i ei arbeidsmappe. Det blir gjeve obligatorisk student- og lærarrespons på arbeida, som så blir utvikla vidare og mot slutten av studieåret lagt i ei eiga evalueringsmappe for sluttvurdering.

Arbeidskrav

  • Studentrespons på dei fem obligatoriske innleveringane
  • Ei oppgåve er knytt til praksisopplegget
  • Obligatorisk oppmøte på samlingar (80 %)

Vurderingsform

Mappe: Dei fem obligatoriske arbeida inngår i ei evalueringsmappe, der to av arbeida blir valde ut til sluttvurdering. Éi oppgåve blir bestemt av lærestaden, den andre er sjølvvald. Begge målformer skal vera representerte. Vekting: 60 %

Munnleg individuell eksamen. Vekting: 40 %

Ved sensur av emnet skal karakterskalaen A-F nyttast.