MAS3-306 Leiing av pedagogisk verksemd

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet rettar søkelys mot sentrale fagtema innan organisasjons- og leiingsfeltet. Det blir lagt vekt på leiarens arbeid med utvikling av lærarar og barn og unge sitt læringsarbeid, kvalitetsvurdering og effektiv bruk av menneskelege og materielle ressursar. Emnet legg også vekt på forståing av klasser/grupper som sosial og pedagogisk eining i skulen sitt læringsarbeid. Det blir lagt vekt på ei praksisnær gjennomføring av emnet der refleksjon rundt eigen praksis blir kopla til teoretisk forståing av dei sentrale faglege tema.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om arbeid med kvalitetsvurdering og kvalitetsutviklingsarbeid med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap om læreplanforståing og teori om systemisk tenking

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere samspelsdynamikkar i lærargrupper, elevgrupper og mellom elevar og lærarar ut frå kunnskap om teoretiske og empiriske studiar knytt til klasseleiing og skulen som organisasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og vidareutvikle pedagogiske utviklingsprosessar og praksisnære problemstillingar ut frå teori og forskingsbasert kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen særskilte krav ut over det som følgjer av krav til opptak

Undervisnings- og læringsformer

Det blir veksla mellom forelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil vere relatert til teori,forsking og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar. Dei blir organisert i formålstenlege grupper som skal jobbe saman undervegs i studiet.

Arbeidskrav

Det skal utarbeidast to refleksjonsnotat mellom to av samlingane (ca. 800 ord). Refleksjonsnotata skal vere knytt til tema på samlingane og vise i kva grad denne kunnskapen kan medverke til auka forståing for leiing av utviklingsprosessar. Notatet skal følgje standard for akademiske tekstar.

Obligatorisk frammøte til all undervisning.

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve som handlar om utviklingsprosessar i skulen. Omfang; maks 6000 ord.

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapping

  • SA6-406 (1) - Ledelse av pedagogisk virksomhet - Reduksjon: 10,5 studiepoeng