MAS3-307 Masteroppgåve i læring og undervisning

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Problemstillinga i masteroppgåva skal til vanleg ta utgangspunkt i eit problem knytt til opplæring eller skuleverksemd. Oppgåva har som mål å gje studenten rom til ei systematisk gjennomarbeiding av den valde problemstillinga, slik at studenten får innsikt i kva vitskapleg verksemd går ut på. Studenten skal også få gjere eigne røynsler i utfordringane med å gjennomføre eit vitskapleg arbeid. Oppgåva inneber sjølvstendig arbeid der det vert gjeve individuell rettleiing.

Studentar kan søkje (til programansvarleg) om å få skrive masteroppgåva saman med ein medstudent. Dette gjeld ved særskilde problemstillingar og datainnsamlingar som krev eit større arbeid. Studentane leverer felles oppgåve og vert prøvd og vurdert individuelt.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i det pedagogiske fagfeltet
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske perspektiv og ulike forskingsdesign

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere problemstillingar rundt læring og undervisning slik at eiga problemstilling er kontekstualisert og tematisert
  • kan kommunisere om kva det vil seie å analysere og forhalde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan kommunisere om temaet for oppgåva si både med spesialistar og til elevar, foreldre og folkevalde
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i skule og undervisning

Generell kompetanse

Studenten

  • har kompetase i å analysere og kritisk drøfte eiga og andre si forsking
  • har kompetanse til å designe forskingsprosjekt og argumentere vitskapeteoretisk for val av metodar

Krav til forkunnskapar

Gjennomført alle emne i 1. studieår i master i læring og undervisning

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Rettleiing:

Studentane får rettleiing knytt til arbeidet med masteroppgåva. Til grunn for masteroppgåva ligg godkjent prosjektplanen, som er arbeidskrav i emnet Metode- og vitskapsteori. Studentane vert tildelt rettleiar etter godkjenning av prosjektplan.

Masteroppvåeseminar og skrivekurs.

Arbeidskrav

Rettleiing.

Masteroppgåveseminar:

Studentane skal delta aktivt på minimum 2 seminar i løpet av arbeidet med masteroppgåva. På seminaret skal studentane leggje fram arbeidet sitt for drøfting og respons frå medstudentar og rettleiarar, og gje respons til medstudentar.

Vurderingsform

Individuell masteroppgåve, med munnleg framlegg og drøfting av oppgåva.

Gradert karakter A-F.

For å kunne gå opp til munnleg eksamen må den skriftlege masteroppgåva vere greidd, altså vurdert til minimum karakteren E. Etter at minstekravet til godkjenning av den skriftlege oppgåva er innfridd, vert endeleg karakter fastsett på grunnlag av ei heilskapsvurdering av skriftleg oppgåve og det munnlege forsvaret av denne.

Dersom masteroppgåva vert vurdert til ikkje greidd, må studenten levere på nytt med godkjent resultat før munnleg forsvar kan gjennomførast.

Under det offentlege forsvaret av masteroppgåva, skal studenten innleiingsvis gi ein presentasjon av masteroppgåva på 10-15 minutt. Samla tid for den munnlege delen er ca. 1 time. Studenten skal etter eksaminasjonen få ei munnleg grunngjeving for karakteren.

Eksamenskommisjonen skal vera sett saman av to personar, ein intern og ein ekstern sensor.