MAS307 Hydrogenteknologi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I ei verd på vei bort frå fossile energikjelder og på vei mot fornybare energikjelder, vert hydrogen som energiberar meir og meir interessant. I dette emnet vert det gjort greie for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen- blant anna i brenselceller. Det vert fokusert på teknologi, men relevante tverrfaglege betraktningar inkluderast også for å presentera eit heilskapleg bilete.

  • Metodar for hydrogenproduksjon, som til dømes dampreformering, pyrolyse, gassifisering av biomasse og elektrolyse
  • Lagring og distribusjon på land og på sjø
  • Bruk som energiberar og i industrielle prosessar, inkludert brenselceller
  • Verdikjeder og økonomi i hydrogenprosjekt
  • Sikkerheit ved drift av hydrogenanlegg - lover og forskrifter

Læringsutbytte

Ved fullført emne MAS307 har studenten følgande kvalifikasjonar:

Kunnskapar:

  • Kan greie ut om dei viktigaste metodane innan hydrogenproduksjon, -distribusjon og -forbruk
  • Kjenner til gjeldande forskrifter og lovar innan sikkerheit for hydrogenanlegg

Evner:

  • Kan gjera overordna energiberekningar angåande bruk av hydrogen som energiberar
  • Kan vurdera hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i energiprosjekt

Generell kompetanse:

  • Kan reflektera over eigen fagleg utøving
  • Kan samarbeida i ei gruppe om å løysa ei oppgåve
  • Kan halda ein munnleg presentasjon av fagstoff

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggande kjemi og termodynamikk.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, sjølvstudium, øvingsoppgåver, gruppearbeid, prosjektoppgåve og presentasjon. Ekskursjonar so langt det er mogeleg. Ei prosjektoppgåve med fordjuping innan eit tema i faget gjennomførast som gruppearbeid.

Arbeidskrav

Seinast 2 veker før innlevering av prosjektoppgåva, gjennomførast ein workshop der heile klassen deltek. Alle gruppene presenterer sine oppgåver. Kvar gruppe får 30 minutt til presentasjon og inntil 10 minutt med spørsmål og tilbakemeldingar frå klassa. Alle på gruppa må delta på presentasjonen. Det er obligatorisk deltaking for alle på workshopen.

3 obligatoriske arbeidskrav er knytt til gruppearbeidet:

  • deltaking i gruppearbeid
  • deltaking på workshop med munnleg presentasjon
  • nærvær på alle presentasjonar på workshop

Arbeidskrava må vere gjennomført til fastsatte fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutter. Teller 70 %.

Prosjektoppgåve. Teller 30 %.

Tid og stad for eksamen vert stadfesta på emnet sin læringsplattform.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ny eksamen vert arrangert i starten av påfølgande semester dersom ikkje bestått.

Begge delar må vera bestått for at faget skal vera bestått. Karakter frå begge delane vert lagra slik at ved stryk i ein del er det berre naudsynt å gå opp til ny eksamen i den delen ein har strøke i.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel