MT500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet har tre samlingar à fire dagar med ulike arbeidsoppgåver mellom samlingane. Innhald i emnet er:

  • Teoriar om salutogenese
  • Teoriar og tilnærmingar i rehabilitering og folkehelse
  • Ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne
  • Relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid
  • Fysisk aktivitet og naturopplevingar

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om teoriar og tilnærmingar i aktivitet og helse med utgangspunkt i salutogenese.
  • kan anvende kunnskap om rehabilitering og folkehelse på ulike relevante fagområde.
  • har inngåande kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, naturopplevingar og helse.
  • har kunnskap om ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne.
  • har inngåande kunnskap om relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid. 

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar om helsefremjande faktorar. 

Generell kompetanse: 
Studenten...

  • kan anvende teoriar, kunnskaper og ferdigheiter om helsefremjande faktorar og analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av desse teoriane.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innan folkehelse, helsefremjing og aktiv omsorg, både med spesialistar og til allmennheita.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, aktivitetar /tur, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. Skriftlege førebuingar mellom samlingane, etterfølgt av munnlege presentasjonar (relevante metodar som førebuing til sluttvurdering). Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem. i samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vere førebudd på å betale ein eigenandel.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere vurdert som godkjent for å framstille seg til eksamen.

1. 80 % deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, gruppearbeid og seminar

2. Ei skriftleg oppgåve. Omfang er 1600 ord +/- 10%. Studenten får ei rettleiing på oppgåva.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen over 9 dagar. Omfang er 3000 ord +/-10%.

Vurderingsutrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.

Ny eksamen
Om studenten får "ikkje bestått" på eksamen eller vil forbetre karakter, må heile eksamen takast opp att, og ny oppgåve løysast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel