MT501 Fysisk aktive deltakarar

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet har tre samlingar à fire dagar med ulike arbeidsoppgåver mellom samlingane.

Innhald i emnet er:

- Teoretiske og praktiske tilnærmingar til prosjekt og tverrprofesjonelt samarbeid som medverkar til fysisk aktive deltakarar

- Motivasjon og meistring som utgangspunkt for helsefagleg og pedagogisk arbeid gjennom helsepedagogikk og psykosomatiske tilnærmingar i ein relasjonell kontekst.

- Etisk refleksjon knytt til praksis 

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om kroppen som levd erfaring.
  • har inngåande kunnskap om fysisk aktivitet og friluftsliv og kan anvende denne kunnskapen i praksis.
  • har og kan anvende kunnskap om kroppsbevissthet som utganspunkt for endring av bevegelse og pust.
  • har og kan anvende inngåande kunnskap om relasjonar og samhandling i grupper. 

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan planleggje og setje i verk tiltak/prosjekt som stimulerer til fysisk aktivitet og friluftsliv. 

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskningsetiske problemstillingar med omsyn til brukarperspektivet.
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på ulike relevante område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel med arbeidserfaring for eit best mogeleg utbytte av studie, men det er ikkje eit krav.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, gruppearbeid med planlegging, gjennomføring/leiing av prosjekt som dannar grunnlag for sluttvurderinga. Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vere førebudd  på å betale ein eigenandel.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fylgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Minimum 80 % deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, ekskursjon, gruppearbeid og seminar. 

2: Planlegge og presentere prosjektplan. To timar obligatorisk rettleiing på prosjekt og prosjektrapport.

Vurderingsform

Oppgåve i form av ei prosjektrapport på 5000 ord,+/- 10%. Oppgåva skal skrivast individuelt. 

Vurderingsutrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.

Ny eksamen
Ved stryk på oppgåva første gong skal opphavleg oppgåve omarbeidast. Ved stryk andre gong skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling. 

Forsøk på forbetring av karakter: Heile emnet må takast opp att.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler  

Meir om hjelpemiddel