NAB1019 Norsk prosjekt Y-veg

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Dette emnet er ei innføring i kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon i ein maritim kontekst. Her lærer studentane om dei viktigaste og vanlegaste sjangrane som blir nytta innanfor deira fagområde, og om korleis dei skal skrive innanfor desse sjangrane. Studentane får òg kunnskap om retorikk og om språket som verktøy for god kommunikasjon, formverk, syntaks, grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar. 

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

 

Studenten

  • kjenner til kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon
  • kan bruke språket som verktøy for god kommunikasjon
  • kjenner til formverk, syntaks, grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar
  • kjenner til språklege og stilistiske verkemiddel
  • har kunnskapar om dei viktigaste skriftlege sjangrane innanfor fagområdet sitt

 

- Ferdigheiter:

 

Studenten

  • kan lage og gjennomføre skriftlege og munnlege presentasjonar
  • kan skrive innanfor sjangrar som høyrer til den maritime konteksten, som rapportar og akademiske tekstar
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • meistrer relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer

 

- Kompetanse:

 

Studenten

  • er i stand til å formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere ho under rettleiing
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har bakgrunn innanfor det maritime fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar med studentaktivitetar, skriftlege og munnlege framstillingar, prosjekt- og gruppearbeid.

Studenten vel anten bokmål eller nynorsk som si målform i faget.

Arbeidskrav

Ein munnleg presentasjon der emnet for presentasjonen blir oppgitt i starten av semesteret. Éi gjennomført rettleiing på utkast til tekst som skal inngå i mappa.

Vurderingsform

Mappeeksamen. Mappa skal innehalde to element: ein fagtekst basert på teori frå emnet (tel 70 %), og eitt erfaringsnotat etter rettleiing (tel 30 %).

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel