NAB1023 Grunnleggjande realfag Y-veg

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Grunnleggjande mekanikk, termofysikk, geometrisk optikk, gasslovar, aritmetikk og algebra, likningar og ulikskapar, trigonometri, geometri og funksjonar. 

Læringsutbytte

  - Kunnskapar:

Studentane skal kunna utføra gjera greie for rørslelikningane for konstant akselerasjon. Dei skal kunna bruka Newton sine lovar og skildra friksjon, skråplan, arbeid og energi. Studentane skal kjenna til 1. hovudsetning, temperatur, varmekapasitet, spesifikk varmekapasitet og spesifikk smelte- og fordampingsvarme. Dei skal ha kjennskap til tilstandslikninga for ideelle gassar, og vite korleis bryting i prisme og totalrefleksjon skjer. Studentane skal ha grunnleggjande kunnskapar i brøkrekning, parentesreglar, faktorisering, potensar, logaritmeomgrepet og det å snu ein formel. Studentane skal kunna gjere greie for første- og andregradslikningar med ein og to ukjende, enkle ulikskapar, definisjon av trigonometriske funksjonar for vinklar mindre enn 180°, trekantberekningar, arealsetning, lineære funksjonar, likningar for rett linje, proporsjonalitet, omvendt proporsjonalitet og andregradsfunksjonar.

 

- Ferdigheitar:

Studentane skal kunna analysera eit problem, setja opp kraftvektorar på komponentform og nytta Newton sine lovar til å løysa problemet. Dei skal kunna stilla opp ei likning for avgjeven og motteken varme for eit system av lekamar, og kjenna dei sentrale teoriane. Studentane skal beherska grunnleggjande matematiske reglar og kunna løysa enkle likningar og ulikskapar. Dei skal ha innsikt i korleis ein reknar ut spesifikk varmekapasitet og spesifikk smelte- og fordampingsvarme. Studentane skal kunna utføra enkle berekningar med brøkrekning, parentesar, faktorisering og potensrekning. Dei skal vera i stand til å snu ein formel for å kunna nytta den i eit reknestykke.

- Generell kompetanse:

Studentane skal kunne skrive matematikk med korrekt bruk av matematiske symbol og skrivemåtar. Dei har innsikt i grunnleggjande fysiske og matematiske omgrep og modellar, og kan forklare desse til andre. Studentane kan snu formlar og har opparbeidd seg kunnskapar som er naudsynte for vidare realfag og nautiske fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått VG1 og VG2 og fagbrev som matros eller fiskar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneverkstad

Arbeidskrav

  • To obligatoriske prøvar på 2 timar kvar i løpet av semesteret, begge må vera bestått for å få gå opp til eksamen
  • Tre obligatoriske innleveringer, alle tre må vera godkjent for å få gå opp til eksamen

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX. Høgskolens Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) vært utdelt.

Meir om hjelpemiddel