NAB2011 Varme- og strøymingslære

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Kontinuitetslikning, Bernoullis likning, strøyming i røyr med og utan tapsledd, krinsprosessar: Ottomotoren, dieselmotoren, kjølemaskina/varmepumpa, kompressoren, gassturbina og dampturbina, pumper, røyr- og pumpekarakteristikk, driftspunkt. 

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

Kan rekna ut energilikninga for opne og lukka system med stasjonær strøyming. Dei kan bruka kontinuitetslikninga og Bernoullis likning i berekningar. Studentane kan nytta diagrammet for fuktig luft og kombinere med klimatiske tilhøve for å vurdere luftskifte i lasterom. Dei kan utføra berekningar innan termodynamiske krinsprosessar til turbinar, kompressorar, kjølemaskinar, varmepumper, ottomotoren og dieselmotoren. Studentane kan rekna ut trykktap ved laminær og turbulent strøyming, og dei kan utføra berekningar som bakgrunn for røyr- og pumpekarakteristikkar, som igjen dannar driftspunkt og styrer regulering av pumper.

- Ferdigheitar:

Kan drifte lasterom på ein måte som er fordelaktig for varelasta med utgangspunkt i temperatur og luftfukt. Dei kan berekna driftspunkt av pumper for å handsama flytande last. Studentane kan vurdere ressursbruken ved drift av skip og farty.

- Generell kompetanse:

Kan kommunisere med maskinsjef og personell i maskinrom om tekniske innretningar, framdrift og handsaming og ivaretaking av last. Tileigna kunnskapar skal óg vera med å gi eit grunnlag i sentrale emne basert på konvensjonskrava i STCW 78 as Amended, tabell A-II/1 og A-II/2.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NAB1001 Fysikk, NAB1022 Kjemi, NAB1030 Grunnleggjande Matematikk (eller parallelt). 

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og rekneøvingar.

Arbeidskrav

Skriftlege innleveringar (spesifiserast i semestereplan ved semesterstart).

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskulen si Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) og høgskulen sin kalkulator (Texas TI 84) vert delt ut under eksamen

Fagleg overlapping

  • EVN1003 (1) - Utfordringer i maritim samhandling og kommunikasjon - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • NAB2005 (1) - Teknisk drift av skip - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB030 (1) - Varme og strømningslære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NAB019 (1) - Varme- og strømningslære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • NA014 (1) - Varme- og strømmingslære - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING3024 (1) - Teknisk sikkerhet II - Reduksjon: 1 studiepoeng
  • ING2027 (1) - Strømningslære - Reduksjon: 1 studiepoeng
  • ING2026 (1) - Termodynamikk - Reduksjon: 1 studiepoeng
  • NAB2051 (1) - Varme og strømningslære - Reduksjon: 5 studiepoeng