NAB3030 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Bacheloroppgåva skal ta opp problemstillingar som er knytt til det maritime fagområdet. Oppgåva skal primært vere knytt opp mot praktiske problemstillingar eller utfordringar i reiarlag, maritime verksemder, maritime offentlege etatar eller eksisterande FoU-arbeid på institusjonen.

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

Studenten

  • Har kunnskap som bidreg til at han/ho kan utrede ei konkret fagleg problemstilling.
  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar og problemstillingar knytt til bacheloroppgåva.
  • Har brei kunnskap om prosessar, verktøy og metodar knytt til bacheloroppgåva.
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan valt emne.

- Ferdigheitar:

Studenten

  • Kan vidareutvikle og nytte den kunnskapen han/ho har tileigna seg i form av ei praktisk problemstilling, eller utfordringar i reiarlag, maritime verksemder og/eller maritime offentlege etatar og eksisterande forsknings- og utviklingsarbeid.
  • Kan utøve ei kritisk forståing til kunnskapar innan dei maritime fagområda.
  • Kan oppdatere allereie tillært kunnskap og henta inn relevant forskings- og utviklingsarbeid.
  • Kan setje teoriane inn i ei større samanheng.
  • Kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer.
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
  • Kan arbeide saman med andre på same nivå om eit felles mål.
  • Er i stand til å løyse utfordringar relatert til prosjektarbeid i grupper i samarbeid med gruppemedlemmar.
  • Kan reflektere over egen faglig utøvelse og justere denne under veiledning.

- Generell kompetanse:

Studenten

  • Har utvikla innsikt i relevante problemstillingar i det maritime fagområdet.
  • Kan planleggja og gjennomføra tilsvarande prosjekt, både aleine og saman med andre.
  • Kan formidla oppgåva si problemstilling, teoriar og resultat både skriftleg og munnleg.
  • Er medviten etiske retningsliner og utfordringar knytt til arbeid med tilsvarande prosjekt.
  • Har erfaring med å jobbe i grupper mot eit felles mål.

Krav til forkunnskapar

Det blir krevd minst 100 sp innan studieprogrammet for å melde seg opp til bacheloroppgåva med levering i vårsemesteret, og 125 sp for levering haustsemesteret.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal løysa oppgåva i grupper på 3-4 personar. Studentane vil få tilpassa rettleiing. Før oppstart av arbeidet skal rettleiar/fagansvarleg godkjenna problemstillinga oppgåva er retta inn mot.

Arbeidskrav

Prosjektskisse med skildring av tema, framdriftsplan og foreløpig problemstilling må vere godkjend av ein rettleiar/fagansvarleg innan ein nærare fastsett frist.

Skrivekurs (blir spesifisert i semesterplan ved semesterstart).

Framføring i plenum (blir spesifisert i semesterplan ved semesterstart).

Vurderingsform

Vurderinga skjer på grunnlag av den innleverte bacheloroppgåva.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle tilgjengelege

Meir om hjelpemiddel