OR2-301 Styrt praksis

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Praksisen skal vere relevant for den studieprofilen studenten legg opp til. Studenten skal ta del i og få innsikt i bedrifta sine praktiske arbeidsoppgåver. Han/ho bør trekkast inn i faglege diskusjonar og vere til stades på konferansar, seminar, kurs m.m. Høgskulen vil koordinera arbeidet med å skaffe praksisplassar, men studenten er sjølv ansvarleg for å få eigna praksisplass. Praksisplassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen.

Læringsutbytte

Kunnskap: - Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor eige fagområde, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innanfor elektrofaget.  - Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter: - Kandidaten kan anvende kunnskap og relevante resultat fra forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innanfor elektrofaget og grunngje sine val. - Kandidaten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeide i relevante laboratorium og beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevante instrument og programvare, som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.

Generell kompetanse - Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre - Kandidaten har forståing av at tverrfaglegheit er nødvendig for gode systemløysingar. - Kandidaten kan reflektere over eigen fagleg utøving, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse eigen fagleg utøving til den aktuelle arbeidssituasjon

Krav til forkunnskapar

Praksis byggjer på alle tidlegare emne i studiet, og kandidaten må ha greidd 120 studiepoeng i ingeniørstudiet. Det kan søkast om unnatak frå denne regelen.

Tilrådde forkunnskapar

Alle emne 1. og 2. år

Undervisnings- og læringsformer

Praksisperioden er på 270 arbeidstimar inkludert tid til rapportering. Studenten har ein rettleiar på praksisplassen og ein kontakt på høgskulen. Det skal utarbeidast ein rapport i samarbeid med praksisverten.

Arbeidskrav

Det skal førast dagbok, signert av arbeidsgjevar, som fortel om tidsbruk og arbeidsoppgåver, dag for dag. Det er krav om 90% oppmøte på arbeidsplassen. Alt fråvere skal vere dokumentert. Praksisopphaldet skal presenterast munnleg i ein video med lengde 6 minutt.

Vurderingsform

Greidd/ikkje greidd basert på praksisrapport.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel