Hopp til innhald

PPUA301 Leiing av læreprosessar - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal bidra til at studentane tileignar seg ei forståing for læraren sine oppgåver og roller i møte med einskildelevar og elevgrupper. Studiet tematiserer læring og utvikling gjennom tileigning av kunnskap, ferdigheiter og generell danning. Samtidig legg emnet til rette for at studentane skal kunne utvikle seg til autonome lærarar som gjennom å samhandle med kollegaer kan gjere seg nytte av sitt profesjonelle handlingsrom.

Følgjande tematikk er løfta fram som felles for alle studiestadane

  • Skulen sin historie, mandat, oppgåver og innhald
  • Læring og utvikling
  • Tilpassa opplæring i ein inkluderande skule
  • Vurdering
  • Psykososialt læringsmiljø
  • Læraren sin profesjonskompetanse
  • Læringsteknologi
  • Profesjonsetikk

Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er ei utforskande tilnærming til læring.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studentane ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
  • har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
  • har brei kunnskap om læringsperspektiv, læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og i respektive fag
  • har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom si utvikling, og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse ,vurdere og dokumenter elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til fagleg utvikling.

Generell kompetanse

Studenten

  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I studiet vert det nytta varierte og studentaktive arbeidsformer. Undervisnings- og læringsformer er mellom anna førelesingar, ulike former for gruppearbeid med presentasjoner, erfaringsdeling og rettleiing. Kva arbeidsformer som vert tatt i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det vert arbeidd med.

Emnet følgjer intensjonen i dei nasjonale retningslinjene når det gjeld undervisning, og studentane må rekne med å delta i ulike aktivitetar knytt til læring og profesjonsutvikling.

Studentane vert inviterte til ei vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføra og bestå fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. Undervisninga inneheld i hovudsak studentaktive læringsformer, og fordrar til obligatorisk deltaking i undervisninga jf forskrifta ved HVL § 8-4 ledd 3.

  • Lærarrolla, samfunnmandat og verdigrunnlag. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat
  • Læringsperspektiv og inkluderande praksis. Individuelt skriftleg arbeidskrav.
  • Læringsleiing/undervisningsplanlegging. Munnleg/digital i gruppe.
  • Fagdidaktisk tema. Individuelt skriftleg/munnleg

Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjent for å kunne ta eksamen i emnet.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 6 dagar. 4500 ord +-10%.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel