RP5-401 Rusproblematikk - samansette utfordringar

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet Rusproblematikk - samansette utfordringar gir med bakgrunn i forskingsbasert kunnskap innsikt i komplekse samanhengar som rusutfordringar inngår i. Sentrale tema er rusmiddelvanskar i eit familieperspektiv, rusbruk i kjønn- og livsløpsperspektiv, rusbruk i eit samfunnsperspektiv og  den samansette problematikken knytt til langvarig rusmiddelbruk. Studenten vil få kunnskap om komplekse livssituasjonar og sosiale - og helsemessige utfordringar for rusmiddelbrukarar. Dei ulike tema vert gjennomgått og diskutert med utgangspunkt i ulike faglege perspektiv.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om samanhengar mellom rusmiddelbruk og psykiske, somatiske og sosiale vanskar, og konsekvensar av desse
  • har inngående kunnskap om sentrale trekk ved rusmiddelbruk til ulike grupper.
  • har avansert kunnskap om sosialisering, tilhøyr og tryggleik relatert til rusmiddelbruk
  • har inngåande kunnskap om arbeidsliv og meistring relatert til rusmiddelbruk
  • har avansert kunnskap om kompleksiteten kring rusmiddelbruk og samansette utfordringar som langvarig rusmisbruk kan føre til

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysere ulike konsekvensar av rusmiddelbruk og kunne nytte relevante teoriar i sjølvstendig arbeid
  • kan bruke kunnskap om komplekse samanhanger som rusbruk inngår i til å identifisere faglege problemstillingar i det kliniske arbeidet med klientar og deira familie og nettverk
  • kan bruke eit differensiert perspektiv på rusutfordringar

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan med utgangspunkt i relevante teoriar, kritisk analysere rusmiddelbrukarar sitt hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
  • kan bruke kunnskapane og ferdigheitene sine til å bidra til nytenking

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, diskusjonar, seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver, rettleiing i gruppe og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Tilstades 80% i refleksjonsgrupper

2: Individuelt framlegg på seminar i grupper, 20 minutters varighet

Arbeidskravet er gyldig til emnet går ordinært neste semester. 

Vurderingsform

Oppgåve
Individuell heimeeksamen over 12 dagar.
Omfang: 3500 ord

Vurderingsuttrykk
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført på same måte som ordinær

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel