Hopp til innhald

SA592 Arbeidssosiologi med metode

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir innsikt i nokre sentrale delar av arbeidssosiologien, og er ei fordjuping av kunnskap om arbeid som studentane møter tidlegare i studiet. Emnet vil presentere og drøfte organisering og styring av moderne arbeidsprosessar, verknaden av digitalisering og andre teknologiske endringar, og kva vilkår arbeidstakarar har til å påverke arbeidskvardagen. Den sosiologiske forståinga av verknadar av klasse og kjønn i sosiale prosessar, kjem fram i studiet av det moderne arbeidslivet.

Emnet består og av ein metodekomponent med deltakande observasjon (etnografisk feltarbeid) som ein kvalitativ tilnærming til å studere arbeidsprosessar og arbeidsorganisasjon. Metodekomponenten skal gje studentane kunnskap om etnografiske metodar, både teoretisk og praktisk.

Emnet kan takast som eit sjølvstendig emne, men er og tenkt som førebuing til emnet «Arbeidslivsretta sosiologi», som for bachelorstudentar følgjer rett etter i studieløpet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha brei kunnskap om:

  • analysar av makt og innverknad i det moderne arbeidslivet i sosiologisk perspektiv.
  • klasse- og kjønnsdimensjonar som kan kome til uttrykk i arbeidslivsrelasjonar.
  • kva rolle digitalisering og ny teknologi spelar for endringar i arbeidsprosessar og arbeidslivsrelasjonar.
  • korleis ein kan bruke ulike metodar (særskilt etnografiske) for å opparbeide kunnskap om dagens arbeidsliv, spesielt i samband med deltaking i, og observasjon av arbeidsprosessar.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • bruke arbeidssosiologi til å identifisere og diskutere prosessar som endrar arbeidslivet i dag.
  • reflektere over nytten av ein praksisperiode i arbeidslivet som grunnlag for eit akademisk arbeid, og/ eller som arbeidslivsopplæring.
  • bruke metodelitteratur og annan faglitteratur til å utforme eit opplegg for studiet av endring og stabilitet i dagens arbeidsliv.
  • bruke etnografiske metodar for å få innsikt i sosiale prosessar, relasjonar og strukturar i ein arbeidsorganisasjon.

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten:

  • ha innsikt i omgrep og tilnærmingar frå arbeidssosiologi som grunnlag for å forstå og utvikle arbeidslivet som deltakar, student eller utgreiar.
  • kunne formidle relevant og oppdatert kunnskap til å forstå prosessar i moderne arbeids- og organisasjonsliv.
  • kjenne til bakgrunnen for tenkinga rundt og politikken for innovasjonsprosessar i arbeidslivet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

30 studiepoeng i sosiologi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, munnlege presentasjonar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Som arbeidskrav skal studentane gjere eit minifeltarbeid i grupper. I feltarbeidet studerer studentane menneskelege møter eller samankomstar på ein offentleg plass og presenterer funna sine for klassen på emnet sitt første seminar.

Godkjenning av arbeidskravet: greidd/ ikkje greidd. Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne ta eksamen i emnet.

Vurderingsform

Skuleeksamen 4 timar - 100%

Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel