ØMF199 Hovudprosjekt
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Innhold og oppbygging
Hovudprosjektet skal vere eit fagleg fordjupande arbeid med utgangspunkt i ei problemstilling frå privat eller offentlig verksemd eller fordjuping i eit relevant teoriområde.
Prosjektet blir skrivne i grupper på 3-4 studentar. Grupper på 1-2 eller meir enn 4 studentar kan bli akseptert etter godkjenning av skriftleg begrunna søknad sendt til emneansvarleg.
Rettleiar og studentar er ansvarlege for at prosjektet blir skrivne i samsvar med HVL sine forskningsetiske retningslinjer og dei krav om personvern som følgjer av personvernforordningen GDPR (General Data Protection Regulation av juli 2018), inkludert skriftleg samtykke-erklæring underteikna av deltagarar i undersøkingar.
Opphavsrett
Hovudprosjektet eigast av studenten sjølv og HVL. Rettleiarar eller andre kan difor ikkje påleggje studenten offentliggjering ved bibliotek, internett eller andre stadar, i trykt eller elektronisk form utan studenten og eventuelt ekstern kontakt sitt samtykkje.
Klausulering
Dersom ekstern samarbeidspartner ønskjer delar av eller heile oppgåver unnateke offentlegheit blir det underteikna ein eigen avtale om dette mellom instituttet og ekstern part. Eiget skriv om klausulering er utarbeida ved instituttet.
Læringsutbytte
Etter gjennomført hovudprosjekt vil studenten:
- Ha kunnskaper og ferdigheiter om forskningsdesign og gjennomføring av eit fagleg analysearbeid i samarbeid med andre
- Kunne vurdere ulike kjelder, nytte desse og referere etter anerkjente standardar
- Kunne kritisk reflektere over funn i analysene
- Kunne dokumentere og rapportere i henhald til anerkjente standardar
- Kunne kommunisere og presentere eit fagleg arbeid til andre
Krav til forkunnskapar
Godkjend opptak på årseining i logistikk
Undervisnings- og læringsformer
Alle gruppene blir tilbydd 5-10 timar rettleingsmøte. Studentane kan som minimum vente seg 4 rettleiingsmøte. Møta baserar seg på skriftleg inngått rettleiingsavtale (se eige skjema) og «Krav til innhold og form» som er utarbeidd på HVL og instituttet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande arbeidskrav inngår:
- Plakat etter oppgjeven mal
Innhald og tidsfristar blir oppgitt av fagkoordinatorer på fordypningene og emneansvarlege.
Plakat er berre gyldig i det semesteret bacheloroppgåva leverast i.
Vurderingsform
Gruppebasert skriftleg hovudprosjekt blir karaktersatt separat før justerande munnleg eksamen. Både skriftleg og munnleg del må vere bestått for å bestå emnet. Sensur gjennomførast av to sensorar, ein av desse må vere ekstern.
Innleveringsfrist for hovudprosjektet blir publisert på Studentweb og via digitalt eksamenssystem, Wiseflow.
Karakteren på skriftleg hovudprosjekt registrerast i Wiseflow av sensorane og blir formidla til studentane seinast 24 timer før munnleg eksamen.
Sluttkarakteren på hovudprosjekta er identisk med karakteren som framgår av eksamensprotokoll for "justerande munnleg". Alle karakterane blir registrert av sensorane i Wiseflow. Sluttkarakteren etter munnleg eksamen blir sett individuelt for det enkelte gruppemedlem. Karakterer kan differensierast mellom gruppemedlemma.
Tid og stad for munnleg eksamen blir oppgitt i Canvas på dei ulike fordjupningane.
Karakteren på hovudprosjekta kan etter munnleg eksamen bli justert opp eller ned éin karakter. Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Underkjent hovudprosjekt
Studentar som har fått stryk på hovudprosjektkan levere ny og forbetra versjon i løpet av kommande semester. Forbetra versjon kan berre leverast éin gong.
Klage på karakter
Sjå HVL sine retningslinjer og eiget skjema for klagehandsaming
Hvis klagekommisjonen endrer karakteren på skriftleg hovudprosjekt med meir enn éin karakter skal medlemma av ny og gammel kommisjon møtast for å bli einige om karakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen ved munnleg eksamen.
Meir om hjelpemiddel