
Engelsk 1 | 5.-10. trinn
Etter- og vidareutdanning
Studietilbodet Engelsk 1, 5-10 gir grunnutdanning for deg som undervisar eller vil undervise i engelsk i 5. til 10 trinn. Studiet gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.
Kven passar studiet for?
Engelsk 1, 5-10 rettar seg i hovudsak mot deg som er lærar på mellom- og ungdomsskuletrinnet, og som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.
Kva lærer du?
Studiet har to emne som bygger på kvarandre, emne 1 blir undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.
Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Praktisk informasjon
Undervisningsform og studietur
Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar på to dagar per semester. Samlingane er på dagtid i vekedagar.
Undervisinga er på engelsk. Me nyttar læringsplattforma Canvas til kommunikasjon med studentane ved dette studiet. Her blir det lagt ut leksjonar, arbeidsoppgåver, og obligatoriske arbeidskrav.
Du får tilgang til Canvas før studiestart med meir informasjon.
I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk. Det vil derfor bli tilbudt alternativt opplegg for dei som velger ikkje å dra. Reiseutgifter, opphald og kursavgift betales av kvar student. Sjå https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/»
Samlingsdatoar
Haust 2023
- 24.–25. august
- 28.–29. september
- 2.–3. november
Vår 2024
- 18.–19.januar
- 22.–23.februar
- 4.–5.april
Vurderingsform
- Emne 1: Munnleg eksamen
- Emne 2: Deleksamen, med ein skriftleg skuleeksamen og ei skriftleg oppgåve
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart.