Global Knowledge

Halvtårsstudium

I emnet Global kulturkunnskap førebur du deg til praksis og prosjektarbeid med spanande teori om interkulturell kommunikasjon, globalisering, ulike kulturar og samfunn, afrikansk filosofi "Ubuntu", utviklingsteoriar, samfunnsutvikling og global forståing knytt til tverrkulturell kompetanse.

Du lærer å

  • samhandle og kommunisere verbalt og non-verbalt med menneske frå ulike kulturar
  • utveksle synspunkt om sentrale kulturelle problemstillingar i eit nord-sør perspektiv
  • reflektere over globale perspektiv, med særleg fokus på norsk og afrikansk kontekst
  • reflektere kritisk over din kulturelle ståstad og utvide eigen "forståelseshorisont" i møte med andre menneske
  • sjå globale utfordringar knytt til ulike perspektiv og teoriar
  • reflektere over mangfald som ressurs generelt og i ulike profesjonsutdanningar i Noreg spesielt

 

Studiet har krav om politiattest  

Praksis

Gjennom emnet Fleirkulturell prosjektpraksis har du eit større prosjektarbeid og 4 veker praksis i Zambia, Madagaskar eller Sør-Afrika.

Studentar på barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved HVL tar emnet Fleirkulturell praksis, med eit mindre prosjektarbeid og 8 veker praksis i Zambia, Madagaskar eller Sør-Afrika.

Vi tek ikkje opp studentar på dette studieprogrammet no.